Symbolisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold Böcklin: Dødens øy.

Symbolisme var ei litterær og biletkunstleg retning som vart utvikla i Frankrike på 1880-talet og 1890-talet, og sidan fekk avleggarar i andre land. Dei franske symbolistane vert rekna til dekadansen, dei kunstnarane som mot slutten av 1800-talet ville fri litteraturen frå nyttetenkinga og frå den rådande samfunnsmoralen.

Symbolismen i 1880-talets Frankrike vart skapt som ein reaksjon mot naturalismen i romanen, særleg slik naturalismen framstod hjå Émile Zola og i parnasskulen sin plastisk-måleriske poesi. Symbolistane prøvde å kalle fram att og fornye idealismen og romantikken frå tidleg 1800-tal. I staden for naturalismen sitt positivistiske vitskapssyn, sosiale engasjement og realistiske røyndomsspegling, ville symbolistane vie seg til det indre livet og stille seg i avstand til samfunnet og samfunnsproblema. Dei fleste symbolistiske forfattarane var poetar.

Forgjengarar til symbolismen[endre | endre wikiteksten]

Edgar Allan Poe, Charles Baudelaire og Alfred de Vigny var dei fremste inspiratorane for symbolistane. Dei let seg og inspirere av tyske komponistar, særleg Richard Wagner, av engelsk poesi og innan målarkunsten framfor alt av prerafaelittane. Som sine næraste forgjengarar proklamerte dei Stéphane Mallarmé, Paul Verlaine, Villiers de l'Isle-Adam, Arthur Rimbaud og Tristan Corbière.

Symbolistiske målsettingar[endre | endre wikiteksten]

Gustave Moreau: Salome med Johannes døyparen sitt hovud, 1875

Symbolistane oppfatta kunsten som ein slags religion. Dei gav seg til kunsten for kunstens eiga skuld; ein tanke som finst uttrykt hos Friedrich von Schiller. I fylgje symbolismen har poesien ikkje til oppgåve fotografisk å spegle røyndomen; den bør i staden prøve fange sjela i tingen. Der parnasskulen skildra eit landskap, der søkte symbolismen å mane fram stemninga i landskapet. Til skilnad frå det klare, nøyaktige og logiske som herska i naturalismen, streva symbolismen etter å syne det dunkle, det mystiske, til og med det ubegripelege. Retninga deler prerafaelittane sin store kjærleik til allegorien. Symbolistane laga teoriar utifrå Poe sin måte å fortelje sine historier på; under den synlege meininga skjuler seg ein annan og djupare symbolikk.

Symbola, meinte ein, burde helst oppstå av seg sjølv utan medvete strev og i eit naivt sinn, som ikkje ein gong forstod å skilje det synlege innhaldet frå det abstrakte innhaldet. Ein kjenner i desse teoriane att tankar hos Dante, visse tyske nyromantikarar og Richard Wagner si oppfatning av poesien.

Teknisk sett kjempa symbolismen for større metrisk fridom. For å forstå rørsla sine målsettingar, må ein ha med at fram til dess hadde den franske tradisjonen om korleis det lyriske språket skulle vere, vore meir konservativ enn den germanske, og at romantikken i Frankrike ikkje hadde lukkast gjennomføre same fridomen i behandlinga av verset som i Tyskland eller England. Det var den fridomen ein søkte vinne, dels gjennom å behandle aleksandrinen mindre konvensjonelt, dels gjennom å skrive såkalla frie vers.

Retningar innanfor litterær symbolisme[endre | endre wikiteksten]

Symbolistar i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Symbolismen kan sporast tilbake til byrjinga av 1880-talet. Nokre unge skaldar byrja då, fyrst uavhengig av kvarandre, sidan meir i samband med einannan å gje ut små tidsskrift der dei publiserte versa sine og kjempa for idéane sine. Mellom desse unge kan nemnast Jean Moréas, Charles Morice, Laurent Tailhade, Maurice Barrès, Charles Viguier, Felix Fénéon, Gustave Kahn. Seinare kom René Ghil, Francis Jammes, Jules Laforgue, Stuart Merrill og Francis Viélé-Griffin til. Mellom dei som må reknast for retningas fremste representantar bør iallfall Henri de Régnier, Émile Verhaeren, Maurice Maeterlinck nemnast .

Det var fyrst med Huysmans roman À rebours frå 1884, der han viser den nye typen poet, dekadenten, og etter Gabriel Vicaire og Henri Beauclair gav ut sin vittige parodi Deliquescences, d'A. Floupette, poète décadent i 1885, at symbolismen pådrog seg merksemd i vidare krinsar. Samstundes oppdaga kunstkrinsane i Paris Paul Verlaine og han vart hylla som leiar for retninga, kalla prince des poètes. Tidsskrifta byrja myldre fram, og etter måten mange diktsamlingar av dei nye poetane såg dagen. Jean Moréas skreiv retninga sitt program, men det lukkast ikkje å samle medlemene kring eit felles tidsskrift. Til det var meiningane for ulike, spreidde.

Symbolismen hadde som litterær og kunstnerisk retning ei kort blomstringstid. Retninga var det kraftigaste uttrykket for ein allmenn tendens i tidsånda, og knapt nokon dålevande, franskspråkleg forfattar unngjekk å verte påverka av rørsla. Den braut med naturalismen og virtuositeten frigjorde fransk versekunst.

Symbolistar utanfor Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Rørsla forplanta seg til andre europeiske land, så som Tyskland med Stefan George og fleire, Danmark med Johannes Jørgensen, og Noreg med ein framifrå representant i Sigbjørn Obstfelder.

Symbolismen i biletkunsten[endre | endre wikiteksten]

Fernand Khnopff: Kven vil berge meg?, 1891

Symbolismen i biletkunsten voks fram or ein annan grunn enn den litterære symbolismen, trass i ein likearta ideologi og tidsånd. Biletkunsten henta fram dei mørkare og meir gotiske sidene av romantikken. Der romantikken var hissig og rebelsk, var symbolismen statisk og religiøs-åndeleg. Den måleriske symbolismen var ei vidareføring av dei mystiske tendensene i den romantiske tradisjonen med kunstnarar som Caspar David Friedrich, Fernand Khnopff og Henry Fuseli og var sterkt knytt til den sjølvbevisste, mørke og private dekadansen.

Det fanst fleire og til dels ganske ulike grupper av symbolistiske målarar, mellom dei Gustave Moreau, Odilon Redon, Pierre Puvis de Chavannes, Henri Fantin-Latour, Edvard Munch, Félicien Rops og Jan Toorop. Symbolistisk måleri nådde geografisk mykje vidare enn den symbolistisk poesien, der i mellom fleire russiske målarar og til Elihu Vedder i USA. Auguste Rodin vert tidvis rekna som ein symbolistisk bilethoggar.

Symbolistiske målarar biletla mytologi og draumebilete for å synleggjere eit visuelt språk for sjela. Dei søkte å skape stemningsskapande og suggestive måleri som førte tankane til ei statisk verd der stilla rådde. Symbola ein nytta var ikkje den velkjende ikonografien, men intenst personlege, private, obskure og fleirtydige. Meir filosofisk enn stilmessig påverka symbolismen den samtidige Art Nouveau-rørsla og Les Nabis («profetane»). I deira utforsning av draumliknande subjekt er dei også forløparar til surrealistane: Bernard Delvaille har omtala René Magritte si surrrealisme som «symbolisme pluss Freud».

Eit utval symbolistiske målarar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]