Antonym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit antonym (frå gresk; anti = mot og onoma = namn) er eit ord som har motsett tyding av eit anna ord.

Ord kan ha fleire ulike antonym. Både liten og kort er antonym til lang.

Det motsette av eit antonym er eit synonym. Antonym og synonym er såleis antonym.

Det finst tre typar antonym:

  • graderbare antonym - ordpar som uttrykkjer motsetningar langs ein skala, slik som opp og ned
  • komplementære antonym - ordpar som er gjensidig utelukkande, slik som død og levande
  • relasjonelle antonym - ordpar der dei to orda skildrar tilhøvet mellom to objekt sett frå kvar av dei sin synsvinkel, slik som foreldre og barn, lærar og elev.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

  • stor - liten
  • varm - kald
  • fort - sakte
  • kokt - rå

Sjå også[endre | endre wikiteksten]