Gresk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Græskt mål».
Gresk
(Ελληνικά)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Gresk
  Attisk
   Nygresk
Talarar: grekarar
Bruk
Tala i: Flag of Greece.svg Hellas
Flag of Cyprus.svg Kypros
Flag of Albania.svg Albania
Flag of Egypt.svg Egypt
Flag of Italy.svg Italia
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Område: Balkan
Gresktalande i alt: 15 millionar
Rangering: 74
Skriftsystem: Gresk
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Greece.svg Hellas
Flag of Cyprus.svg Kypros
Flag of Europe.svg EU
Normert av:
Språkkodar
ISO 639-1: el
ISO 639-2: gre
ell
ISO 639-3: ell
Wikipedia på gresk
Greske bokstavar på eit kar.

Gresk (gresk: Ελληνικά, IPA [e̞ˌliniˈka], Hellensk) er ei eiga grein av indoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske i Hellas, Kypros, Bulgaria, Albania og Tyrkia. Det finst òg mange greske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes i Melbourne i Australia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etter Aten og Thessaloníki.

Gresk har vorte skrive med det greske alfabetet, som var det fyrste til å innføre vokalar, sidan 1000 f.v.t. i Hellas og sidan 400 f.v.t. på Kypros. Før dette vart det skrive med linear B i Hellas og kypriotisk stavingsskrift på Kypros. Gresk litteratur har ei historie på nærare 3000 år.

Målsoga[endre | endre wikiteksten]

Gresk før antikken[endre | endre wikiteksten]

Dei mykenske grekarane var dei fyrste gresktalande som kom til det greske fastlandet, kring 2000 fvt. Dei breidde seg sidan til øyane omkring og vestkysten av Mellom-Asia. Dei ulike førgreske språka er med ei samnemning kalla egeisk. Mange ord er lånte inn i gresk frå egeisk, som ein enno ser i stadnamn (Korinthos, Athenê o.a.).

Den mykenske gresken (sein bronsealder) er den eldste gresken som me har skriftlege kjelder frå. Vitnemål har me berre i brotstykke, etter innskrifter på leirtavler frå utgravingar i KnossosKreta og i PýlosPeloponnes. Dei er skrivne med stavingsskrift, kalla linear B. Dei er tidfeste til kring 1200 fvt. Kring 1100 fvt. kom store omskifte i Hellas. I 1150 fvt. vart den siste mykenske borga øydelagd. Sidan fylgde utvandringar og nedgangstid, kalla dei mørke århundra (1150-750 fvt.), som er utan skriftlege kjelder.

Etterklassisk[endre | endre wikiteksten]

Den hellenistiske tida (333-31 fvt) varar frå makedonaren Alexander den stores styring og fram til den fyrste romerske keisaren, Augustus (31 fvt-14 evt). Alexander den store skapa eit gresk storrike frå Hellas til Afghanistan. Då Alexander døydde, fall riket saman og kløyvde seg i ulike kongedøme der gresk vart styringsmålet. Med seg til dei nye busetjingane hadde grekarane sitt levevis og mål. Greskt vart eit verdsmål. På 300-talet voks eit einskapleg greskt mål fram som var bygt på det attiske målføret, men med nokre attiske særdrag utskifte. Dette vart kalla koiné (ἡ κοινὴ διάλεκτος), og er mellom anna det Nytestamentet vart skrive på. Ei fylgje var at dei andre greske målføra måtte vika i skrift og tale, om ein ser bort frå dei litterære kunstmåla.

Keisartida (31 fvt-600 evt). I tida 200-167 fvt hadde romarane lagt under seg det meste av den kjende verda, og etter sjøslaget ved Actium i 31 fvtOctavianus (sidan Augustus) slår Antonius og Kleopatra, var det eit endemål for romersk framtrenging i aust. I 30 fvt legg Roma under seg Egypt, og Antonius og Kleopatra tek livet sitt. Endå dei greske områda kom under romersk styring, heldt gresk fram med å vera styringsmålet i den austlege delen av det romerske riket.

Dei greske målføra[endre | endre wikiteksten]

har desse hovudgreinene:

  • Jonisk
  • Aiolisk
  • Arkadokypriotisk
  • Vestgresk

Joniske målføre (attisk og aust-jonisk).

Aioliske målføre.

Arkadokypriotiske målføre.

Vestgreske målføre (dorisk og nordvestgresk).

Kunstmål:

Skriftteikn[endre | endre wikiteksten]

Det greske alfabetet voks fram i Hellas mellom 750 og 700 fvt etter fønikisk mønster og kløyvde seg snart i ulike utgåver. Det fønikiske alfabetet hadde ikkje bokstavar for sjølvlyd (vokalar), utan 22 bokstavar for medlyd (konsonantar). Dei fønikiske bokstavane som stod for laryngalar og halvsjølvlyd, lydverdiar som ikkje fanst i gresk, vart difor nytta til bokstavar for sjølvlyd; og vart med det ein høveleg reiskap for eit ikkje-semittiskt mål som gresk.

Føre 500-talet fvt hadde ein to hovudgreiner av alfabetet - det joniske i aust og det khaldeiske i vest. Etter kvart tok det joniske derimot heilt over, og i 403 evt vart dette offisielt oppteke i Athen. Det joniske alfabetet hadde 17 teikn for medlyd og 7 for sjølvlyd, slik det er i nygresk: ΑΒΓΔΕΖΗΘΙΚΛΜΝΞΟΠΡΣΤΥΦΧΨΩ.

Andre teikn: ϝ (digamma - wau), ϙ (koppa - 90), ├ (h), ϡ (sampi - 900), ϛ (stigma - 6) ...

Frå det khaldeiske alfabetet fekk etruskarane sitt alfabet, som det latinske er bygt på.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediagresk