Antropometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ergonomi er ein vitskap som brukar antropometri for å betre samspelet mellom menneske, utstyr og arbeidsplassar.

Antropometri (av gresk ἄνθρωπος anthropos, som tydar «mann», og μέτρον metron, som tydar «måling») visar til målinga av menneske.[1] Det har vore ein viktig reiskap i biologisk antropologi, som eit identifiseringsverktøy for å betre forståinga av kroppsvariasjonar. Det har også vore brukt i paleoantropologi, og i ulike forsøk på å sameine fysiske trekk med psykologiske og raseskiljande trekk. Antropometri omfattar systematiske målingar av karaktertrekka ved menneskekroppen, i hovudsak dimensjonale skildringar om storleik og form.[2]

I dag spelar antropometri ei viktig rolle i industridesign, klesdesign, ergonomi og arkitektur. Statistiske data om distribusjonen av kroppsdimensjonar i folkesetnaden, blir brukt for å optimalisere produkta. Livsstils- og kosthaldsendringar fører til at distribusjonen endrar seg, som vist i fedmeepidemien, så statistikken må oppdaterast jamleg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walberg, Fred (13. februar 2009). «antropometri». Store norske leksikon. https://snl.no/antropometri. Henta 4. mars 2015. 
  2. Md. Ariful, Islam; Md., Asadujjaman; Md., Nuruzzaman; Md. Mosharraf, Hossain. "Ergonomics Consideration for Hospital Bed Design: A Case Study in Bangladesh". Journal of Modern Science and Technology 01 (01): 30-44.
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.