Aorta abdominalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aorta abdominalis
Gray531.png
Bukaorta og hans greiner
Namn
LatinAorta abdominalis
Pars abdominalis aortae
NorskBukaorta
Bukpulsåre
Abdominalaorta
Abdominale del av aorta
Bukdel av hovudpulsåre
Informasjon
UtspringBrystaorta
GreinerArteria phrenica inferior, arteria renalis, arteria coelica og sju til
FølgeveneVena cava inferior
ForsynerBukorgan, bekkenorgan, underekstremitet
SystemSystemsirkulasjon
Identifikatorar
TA24205
TA98A12.2.12.001
FMA3789
Uberon0001516

Bukaorta (lat. aorta abdominalis) er den delen av hovudpulsåra, aorta, som går gjennom bukhola.[1] Bukaorta utgjer saman med brystaorta den nedstigande delen av aorta: aorta descendens.[2] Arterien er den største i bukregionen; han forsyner alle buk- og bekkenorgan, i tillegg til beina, med oksygenert blod.[3][4]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Bukaorta spring ut frå mellomgolvet gjennom hiatus aorticus, på nivå med 12. brystvirvel (T12).[5] Han går ned langs bakre bukvegg, framfor lumbalcolumna (lenderyggen),[6] parallelt med og til venstre for nedre vena cava.[7] Han har ein liten svai framover, liksom lenderyggen, størst på nivå med 3. lendevirvel (L3).[8] Arterien smalnar meir og meir av etter kvart som han sender frå seg greiner og endar til sist i aortabifurkasjonen,[9][10] der han delar seg i to, på nivå med 4. eller 5. lendevirvel (L4/L5).[11]

Klinisk deler ein bukaorta i to segment:[5]

  • Suprarenale bukaorta, aorta abdominalis (pars) suprarenalis, den delen som ligg under mellomgolvet og over nyrearteriane.
  • Infrarenale bukaorta, aorta abdominalis (pars) infrarenalis, den delen som ligg under nyrearteriane og over aortabifurkasjonen.

Greiner[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av bukaorta ved aortabifurkasjonen, der han delar seg og sender ut to greiner: høgre og venstre arteria iliaca communis.

Greiner frå bukaorta kan delast inn i viscerale greiner (innvolsgreiner), parietale greiner (bukveggsgreiner) og endegreiner:[6]

Viscerale greiner
Parietale greiner
Endegreiner

Relasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bukaoarta ligg litt til venstre for midtplanet i kroppen.[12]

Ventralt for arterien, mot buksida, ligg truncus coeliacus, plexus coeliacus, det vesle omentet og magesekken; under han vena splenica, pankreas, venstre vena renalis, nedre del av duodenum, mesenteriet og plexus aorticus.[13]

Dorsalt, mot ryggsida, skilst arterien frå lendevirvlane og mellomvirvelskivene av eit leddband, lig. longitudinale anterius, og av venstregåande lumbalvener, venae lumbales sinistrae.[13]

Oppe og til høgre for arterien ligg vena azygos, cisterna chyli og ductus thoracicus. Her ligg i tillegg høgre crus, som skil arterien frå øvre del av nedre vena cava og frå høgre ganglion coeliacum. Nede og til høgre er han i kontakt med nedre vena cava.[13]

Til venstre for arterien ligg venstre crus, venstre ganglion coeliacum, pars ascendens duodeni og enkelte tynntarmsslynger.[13]

Relasjon til nedre vena cava[endre | endre wikiteksten]

Parallelt med og til høgre for bukaorta går følgevenen hans, nedre vena cava.

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

Abdominalt aortaaneurisme er ei utposing på bukaorta med aortadiameter ≥3 cm (eller diameterauke på >50 %). Tilstanden gir ofte ingen symptom. Observasjon er vanleg når aneurismet er lite. Ved større aneurisme aukar risikoen for aneurismeruptur, og då kan kirurgi vere nødvendig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anne Waugh; Allison Grant (7 May 2010). Ross & Wilson Anatomy and Physiology in Health and Illness E-Book. Elsevier Health Sciences. s. 100–. ISBN 0-7020-4427-X. 
  2. William J. Callaway (14 October 2012). Mosby's Comprehensive Review of Radiography - E-Book: The Complete Study Guide and Career Planner. Elsevier Health Sciences. s. 97–. ISBN 0-323-17028-5. 
  3. Sandra L. Hagen-Ansert (25 January 2017). Textbook of Diagnostic Sonography - E-Book. Elsevier Health Sciences. s. 143–. ISBN 978-0-323-44188-9. 
  4. WebMD (29 January 2009). Webster's New World Medical Dictionary, 3rd Edition. Houghton Mifflin Harcourt. s. 1–. ISBN 0-544-18897-7. 
  5. 5,0 5,1 John A. Kaufman; Michael J. Lee (19 August 2013). Vascular and Interventional Radiology: The Requisites. Elsevier Health Sciences. s. 199–. ISBN 978-0-323-04584-1. 
  6. 6,0 6,1 William E. G. Thomas; Malcolm W. R. Reed; Michael G. Wyatt (28 July 2016). Oxford Textbook of Fundamentals of Surgery. OUP Oxford. s. 15–. ISBN 978-0-19-253435-4. 
  7. Fischerova, D. (2011). «Ultrasound scanning of the pelvis and abdomen for staging of gynecological tumors: a review». Ultrasound in Obstetrics & Gynecology 38 (3): 246–266. ISSN 0960-7692. doi:10.1002/uog.10054. 
  8. G. Schneider; M.R. Prince; J.F.M. Meaney (28 May 2006). Magnetic Resonance Angiography: Techniques, Indications and Practical Applications. V.B. Ho. Springer Science & Business Media. s. 194–. ISBN 978-88-470-0352-1. 
  9. Arif Asif; Anil K. Agarwal; Alexander Yevzlin (4 July 2012). Interventional Nephrology. Gerald A. Beathard, Steven Wu. McGraw Hill Professional. ISBN 978-0-07-176932-7. 
  10. Carlo Catalano; Michele Anzidei; Alessandro Napoli (8 July 2014). Cardiovascular CT and MR Imaging: From Technique to Clinical Interpretation. Springer Science & Business Media. s. 213–. ISBN 978-88-470-2868-5. 
  11. Rex A. W. Marco (24 May 2018). Metastatic Spine Disease: A Guide to Diagnosis and Management. Springer International Publishing. s. 236–. ISBN 978-3-319-76252-4. 
  12. Hariqbal Singh (30 April 2017). Textbook of Radiology: Abdomen and Pelvis. JP Medical Ltd. s. 23–. ISBN 978-93-86322-65-4. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Enrico Ascher (20 June 2012). Haimovici's Vascular Surgery. John Wiley & Sons. s. 771–. ISBN 978-1-118-48139-4.