Apeltun skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apeltun skole

Apeltun skole er ein barneskule på Apeltun i Fana i Bergen. Skulen stod ferdig til bruk i 2003, teikna av ABO arkitekter, men andre byggetrinn var først ferdig i 2008. Han har ikkje tradisjonelle klasserom, men ein open arkitektur med eit skulebygg for første til fjerde trinn, og eitt bygg for femte til sjuande trinn. Kvart trinn har sitt eige område og fargekode, i tillegg til at det finst enkele grupperom. Elevane har felles måltid i lag med lærarane og andre tilsette på skulen. I 2008 hadde skulen 43 tilsette.[1]

I oktober 2007 vann skule Dronning Sonjas skulepris for arbeidet sitt med inkluderande miljø og fokus på den enkelte elev.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bergen kommune - Apeltun skole». 
  2. Mari Stephansen og Tore Sevheim (29. oktober 2007). «Sonja besøkte Apeltun skole». NRK.