Hopp til innhald

Aplitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aplittgangar i kinzigitt
Aplitt

Aplitt er ein helt lys og særs finkorna granittisk gangbergart, samansett av kalifeltspat og kvarts.

Aplitt vert bruka til ulike industrielle formål. Spesielt utmerkar aplitt seg som styrkeelement i betongindustrien. Aplitt er eit naturleg pozzolan, eit tilslagsmateriale som utviklar styrke ved blanding med sement eller leska kalk og vatn. Aplitt kan erstatte meir enn 80 prosent av sementinnhaldet i betong. Sidan aplitt ikkje vert brent, vert det ikkje frigjort karbondioksid ved framstillinga, slik som ved sementproduksjon. Bruk av aplitt i betongen kan slik bidra til å redusere klimagassutsleppa.[1]

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

I Finnvolldalen i Namsskogan er det store førekomstar av aplitt; men omfanget er ikkje fullstendig kartlagt. Lokalt er det tru på at bryting av aplitt vil verte ei viktig næringsveg framover.

Tilsvarande førekomstar skal berre finnast eit par andre stader i verda, deriblant i Toscana i Italia.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Superbetong mot CO2». Teknisk ukeblad. Arkivert frå originalen 15. november 2007.
  2. «Storindustri på aplitt», Adresseavisen, 17. desember 2007, arkivert frå originalen 25. mai 2019, henta 31. mars 2008