Apollo 17

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mannskapet på Apollo 17. Bak: Harrison «Jack» Schmitt og Ron Evans. Framme: Eugene Cernan

Apollo 17 var den ellevte bemanna romferda i Apollo-programmet og det siste Apollo-fartøyet som landa på månen. Apollo 17 vart skoten opp frå Cape Kennedy, Florida, den 6. desember 1972 med ein Saturn V rakett. Apollo 17 bestod av månelandingsfartøyet «Challenger» og kommandoseksjonen «America». Romferda varte i 12 døgn og 17 timar.

«Challenger» landa i eit område på månen kalla Taurus-Littow. Mannskapet kartla topografien til månen med laserbasert høgdemålar, undersøkte grunnen med ekkolodd og undersøkte korleis månen reagerte på gravitasjonen frå Jorda. Det vart og tatt geologiske målingar og steinprøver vart brakt tilbake til jorda. Analysar av steinane gav opplysningar om alderen til månen.

Mannskap[endre | endre wikiteksten]

  • Eugene Cernan, kommandør
  • Ronald E. Evans, (pilot, kommandoseksjonen)
  • Harrison Schmitt, (pilot, månelandingsfartøyet)

Eugene Cernan er den personen som sist har sett sin fot på månens overflate.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.