Apollo-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emblemet for Apollo-programmet.

Apollo-programmet var eit NASA-program som hadde som mål å sette mennesket på månen. I 1961 erklærte den amerikanske presidenten John F. Kennedy at USA før slutten av tiåret skulle lande ein mann på månen og få han trygt tilbake til jorda igjen. Målet vart innfridd med Apollo 11 i 1969. Programmet varte heilt fram til 1972, med i alt seks månelandingar.

Romfartøya i Apollo-programmet[endre | endre wikiteksten]

Samanlikning av størrelsen mellom dei ulike rakettane ein nytta i Apollo-programmet.

I løpet av Apollo-programmet nytta ein 4 forskjellige bererakettar:

Ubemanna testar med Little Joe II[endre | endre wikiteksten]

Ubemanna testar med Saturn IB[endre | endre wikiteksten]

  • AS-201 - Første testen av raketten Saturn IB.
  • AS-202 - Test av brenseltankane til tredjesteget i tyngdelause.
  • AS-203 - Test av kommando- og servicemodulen (CSM).
  • Apollo 5 - Test av månelandaren i omløpsbane rundt jorda.

Ubemanna testar med Saturn V[endre | endre wikiteksten]

  • Apollo 4 - Første oppskyting av Saturn V
  • Apollo 6 - Andra testen av Saturn V raketten, og det siste steget før ein kunne byrje med bemanna Apollo-ferder.

Bemanna romferder[endre | endre wikiteksten]

Neil Armstrong vart det første mennesket til å gå på månen.
  • Apollo 1 - under trening omkom mannskapet i ein brann i romkapselen medan det stod på bakken
  • Apollo 7 - første bemanna Apollo-ferd
  • Apollo 8 - første bemanna romferd i bane rundt månen
  • Apollo 9 - første bemanna romferd med ein månelandingsmodul i bane rundt jorda
    • Gumdrop & Spider
  • Apollo 10 - første bemanna romferd med månelandingsmodulen rundt månen
    • Charlie Brown & Snoopy
  • Apollo 11 - første bemanna månelandinga
    • Columbia & Eagle, Stillheita sitt hav
  • Apollo 12 - første presisjonslandinga på Månen
    • Yankee Clipper & Intrepid, Stormane sitt hav
  • Apollo 13 - månelandinga avlyst, då ein tank eksploderte på veg til månen
    • Odyssey & Aquarius
  • Apollo 14 - Alan Shepard vart den einaste Mercury-astronauten som landa på månen
    • Kitty Hawk & Antares, Fra Mauro-krateret
  • Apollo 15 - første ferd som har med ein månebil
    • Endeavour & Falcon, Hadley-rillen
  • Apollo 16 - første månelandinga i månen sine bergområde
    • Casper & Orion, Descartes-høglandet
  • Apollo 17 - siste bemanna månelandinga i Apollo-programmet
    • America & Challenger, Taurus-Littrow-krateret.
  • Apollo 18 - avlyst
  • Apollo 19 - avlyst
  • Apollo 20 - avlyst

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]