Apostolisk suksesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Apostolisk suksesjon er namnet på den ubrotne linja av innhevarar av kyrkjelege embete frå apostlane til i dag. Det mest kjende dømet på apostolisk suksesjon er paven. Ifylgje tradisjonen vart Apostelen Peter den fyrste paven, og det har sidan gått ei ubroten linje med pavar fram til dagens Pave Benedikt XVI.

Apostolisk suksesjon er ein viktig doktrine for t.d. biskopar i den katolske kyrkja, den anglikanske kyrkja og den ortodokse kyrkja, men blir avvist av den norske kyrkja og andre lutherske kyrkjesamfunn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]