Pave Benedikt XVI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benedikt XVI

Benedictus XVI
DåpsnamnJoseph Ratzinger
Fødd16. april 1927
Benedikt XVIs fødehus, Marktl
Død31. desember 2022
Mater Ecclesiae Monastery, Vatikanstaten
Vald19. april 2005
Innsett24. april 2005
Føregangar:Johannes Paul II
Etterfylgjar:Frans

Pave Benedikt XVI (fødd Joseph Ratzinger16. april 192731. desember 2022) var Den katolske kyrkja sin pave frå han vart vald 19. april 2005 til han gjekk av 28. februar 2013. Som pave var han øvste leiar for den katolske kyrkja, og samstundes statssjef i Vatikanstaten, ein liten sjølvstendig stat midt i Roma. 11. februar 2013 sa Benedikt XVI at han ville abdisere, gå av, klokka 20.00 28. februar 2013 på grunn av manglande styrke i kropp og tankegang.

Bakgrunn og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Fødestaden til Ratzinger.

Ratzinger vart fødd i den vesle marknadsbyen Marktl am Inn i Bayern i Tyskland. Han byrja på guteseminaret i 1939. To år seinare vart han tvangsinnmeld i Hitlerjugend, og 16 år gamal vart han i 1943 innkalla til krigsteneste i eit anti-luftskyts-korps og gjennomgjekk rekruttskule i den tyske hæren i november 1944. Våren 1945 vart han teken som krigsfange, etter seiande etter å ha desertert, og vart repatriert i juni same år. Deretter byrja han på teologiske studium saman med bror sin Georg.

Ratzinger utmerka seg som student ved presteseminaret, og fortsette studia sine først ved Den filosofiske høgskule i Freising og deretter ved Ludwig-Maximilian-universitetet i München, der han tok doktorgraden (dr. theol.) i katolsk teologi. I 1957 fylgde så habilisasjonen hans, òg i München.

Prest[endre | endre wikiteksten]

Han vart – saman med bror sin – ordinert til prest 29. juni 1951 av kardinal Michael von Faulhaber, og studerte deretter vidare i Roma i to år. I 1953 kom avhandlinga hans ut, Menneske og Guds hus i den heilage Augustins lære om kyrkja, som hausta mykje anerkjenning. Deretter fylgde engasjement ved ei rekkje tyske universitet som professor fram til 1977. I 1962 vart han utnemnd til rådgjevar for erkebiskopen av Köln, Kardinal Joseph Frings, i samband med at Frings deltok på Det andre vatikankonsilet. Det er svært uvanleg at nokon får ei slik utnemning berre 35 år gamal. Han vart etter konsilet medlem av Vatikanet sin internasjonale teologiske kommisjon (19691977).

I 1972 grunnla han det teologiske tidsskriftet Communio saman med Hans Urs von Balthasar, Henri de Lubac og andre. Communio, som no kjem ut på tysk, engelsk og spansk, har vorte eit av de viktigaste tidsskrifta for katolsk-kristen tru.

Erkebiskop og kardinal[endre | endre wikiteksten]

24. mars 1977 vart han utnemnd til erkebiskop av München und Freising av pave Paul VI. Han vart konsekrert 28. mai same år i München. Paul VI utnemnde han 27. juni 1977 til kardinal. Dette var to uvanlege karrieresprang i løpet av eit år: Fyrst rett til eit erkebispesete utan å vere vanleg biskop fyrst, og så kardinalsembetet i ein alder av 50 år og med berre ein månad bak seg som biskop.

Pave Johannes Paul II kalla han i 1981 til Roma som prefekt for Kongregasjonen for truslæra (tidlegare inkvisisjonen), president for Den pontifikale bibelkommisjon og president for Den internasjonale teologiske kommisjonen. På grunn av desse pliktene gjekk han av som erkebiskop av München og Freising 15. februar 1982. I 1993 vart han fremja til kardinalbiskop av Velletri-Segni, og i 1998 vart han visedekanus for kardinalkollegiet. Han var medlem av:

  • Kongregasjonen for truslæra (prefekt)
  • Statssekretariatet sin andre seksjon (Relasjonar med statane, i Vatikanstaten tilsvarande utanriksdepartement)
  • Kongregasjonen for biskopar
  • Kongregasjonen for gudstenesta og sakramentsordninga
  • Kongregasjonen for Austkyrkjene
  • Kongregasjonen for folka si evangelisering
  • Kongregasjonen for katolsk utdanning
  • Det pavelege råd for fremjing av kristen eining
  • Det pavelege råd for kultur
  • Den pavelege kommisjon for Latin-Amerika

Ratzinger fylte 75 år i 2002, og leverte i tråd med til kyrkjelova sin avskjedssøknad. Pave Johannes Paul II aksepterte ikkje søknaden. I 2002 vart han vald til ny dekanus, eller leiar, for kardinalkollegiet. Han etterfylgde Bernardin Gantin, som ynskte å flytta heim til Benin etter å ha fylt 80 år. Han fekk då òg, i samsvar med tradisjonen, kardinalbispesetet Ostia i tillegg til Velletri-Segni.

Paveval og pave[endre | endre wikiteksten]

30. september 2003 sa Ratzinger at «vi bør be for paven» og skapte overskrifter over heile verda og spekulasjonar om Johannes Paul II var dødssjuk. Han når aldersgrensa for stemmerett ved paveval, 80 år, fyrst 16. april 2007, og var difor stemmeføre ved konklavet 2005. Som dekanus var han ein sjølvskriven kandidat til pavestolen, og han har mange av dei eigenskapane ein pave blir forventa å ha. Mange meinte at dei konservative haldningane hans kunne komma til å telja mot han. Ein grunn til at han vart vald er at han står nær teologien åt den tidlegare paven, som sjølv hovudsakleg utnemnde konservative kardinalar. Mange legg vekt på at den katolske kyrkja no treng ro for å tilpasse seg ei ny tid og gjennomføre enkelte reformer, og ser på Ratzinger som ein naturleg «overgangspave». Han har òg vist organisasjonstalent og evne til moderne kyrkjeleiing. Samtidig har det vore ynske om ein pave som ikkje blir sitjande like lenge som Johannes Paul II. Den relativt høge alderen åt Ratzinger kan vera ein av grunnane til at han vart vald.

Ratzinger vart av mange oppfatta som paven si «høgre hand» og òg ein av dei nærmaste venene åt paven. Under paven sin langvarige sjukdom i 2004 og 2005 fekk han ei stendig meir framståande rolle. Han laut taka over mange av pliktene åt paven.

Som kardinal uttrykte Ratzinger eit ynske om få trekkja seg attende for å skriva fleire bøker. Åt vener skal han ha sagt at han er klar til å akseptera ei kvar byrde Gud legg på akslene hans.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Unterwegs zu Jesus Christus, Augsburg 2003.
  • Glaube - Wahrheit - Toleranz. Das Christentum und die Weltreligionen, 2. Aufl., Freiburg i. Brsg. 2003.
  • Gott ist uns nah. Eucharistie: Mitte des Lebens. Hrsg. von Horn, Stephan Otto/ Pfnür, Vinzenz, Augsburg 2001.
  • Gott und die Welt. Glauben und Leben in unserer Welt. Ein Gespräch mit Peter Seewald, Köln 2000.
  • Der Geist der Liturgie. Eine Einführung, 4. Aufl., Freiburg i. Brsg. 2000.
  • Vom Wiederauffinden der Mitte. Texte aus vier Jahrzehnten, Freiburg i. Brsg. 1997.
  • Salz der Erde. Christentum und katholische Kirche an der Jahrtausendwende. Ein Gespräch mit Peter Seewald, Wilhelm Heyne Verlag, München, 1996, ISBN 3-453-14845-2
  • Wahrheit, Werte, Macht. Prüfsteine der pluralistischen Gesellschaft, Freiburg/ Basel/ Wien 1993.
  • Zur Gemeinschaft gerufen. Kirche heute verstehen, Freiburg/ Basel/ Wien 1991.
  • Auf Christus schauen. Einübung in Glaube, Hoffnung, Liebe, Freiburg/ Basel/ Wien 1989.
  • Abbruch und Aufbruch. Die Antwort des Glaubens auf die Krise der Werte, München 1988.
  • Kirche, Ökumene und Politik. Neue Versuche zur Ekklesiologie [Robert Spaemann zum 60. Geburtstag zugeeignet], Einsiedeln 1987.
  • Politik und Erlösung. Zum Verhältnis von Glaube, Rationalität und Irrationalem in der sogenannten Theologie der Befreiung (= Rheinisch-Westfälische Akademie der Wissenschaften: G (Geisteswissenschaften), Bd. 279), Opladen 1986.
  • Theologische Prinzipienlehre. Bausteine zur Fundamentaltheologie (= Wewelbuch, Bd. 80), München 1982.
  • Das Fest des Glaubens. Versuche zur Theologie des Gottesdienstes, 2. Aufl., Einsiedeln 1981.
  • Eschatologie, Tod und ewiges Leben, Leipzig 1981.
  • Glaube, Erneuerung, Hoffnung. Theologisches Nachdenken über die heutige Situation der Kirche. Hrsg. von Kraning, Willi, Leipzig 1981.
  • Umkehr zur Mitte. Meditationen eines Theologen, Leipzig 1981.
  • Zum Begriff des Sakramentes (= Eichstätter Hochschulreden, Bd. 79), München 1979.
  • Die Tochter Zion. Betrachtungen über den Marienglaube der Kirche, Einsiedeln 1977.
  • Der Gott Jesu Christi. Betrachtungen über den Dreieinigen Gott, München 1976.
  • Das neue Volk Gottes. Entwürfe zur Ekklesiologie (Topos-Taschenbücher, Bd. 1) Düsseldorf 1972.
  • Die Einheit der Nationen. Eine Vision der Kirchenväter, Salzburg u.a. 1971.
  • Das Problem der Dogmengeschichte in der Sicht der katholischen Theologie (= Arbeitsgemeinschaft für Forschungen des Landes Nordrhein-Westfalen: Geisteswissenschaften, Bd. 139), Köln u.a. 1966.
  • Die letzte Sitzungsperiode des Konzils (= Konzil, Bd. 4), Köln 1966.
  • Ereignisse und Probleme der dritten Konzilsperiode (= Konzil, Bd. 3), Köln 1965.
  • Die erste Sitzungsperiode des Zweiten Vatikanischen Konzils. Ein Rückblick (= Konzil, Bd. 1), Köln 1963.
  • Das Konzil auf dem Weg. Rückblick auf die 2. Sitzungsperiode des 2. Vatikanischen Konzils (= Konzil, Bd. 2), Köln 1963.
  • Die christliche Brüderlichkeit, München 1960.
  • Die Geschichtstheologie des heiligen Bonaventura (habilisasjonsavhandling), München u.a. 1959.
  • Volk und Haus und Gottes in Augustins Lehre von der Kirche (diss. 1951), München 1954.
  • Dogma und Verkündigung
  • Einführung in das Christentum (2000)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Allen, John L.: Cardinal Ratzinger : the Vatican's enforcer of the faith. - New York : Continuum, 2000
  • Wagner, Karl: Kardinal Ratzinger : der Erzbischof in München und Freising in Wort und Bild. - München : Pfeiffer, 1977

Noverande og tidlegare verv[endre | endre wikiteksten]

Føregangar
Kardinal Julius Döpfner
Katolsk erkebiskop av München og Freising
19771982
Etterfylgjar
Kardinal Friedrich Wetter
Føregangar
Franjo Seper
Prefekt for Truskongregasjonen
19812005
Etterfylgjar
William Joseph Levada
Føregangar
Bernardin Gantin
Dekanus for kardinalkollegiet
20022005
Etterfylgjar
Angelo Sodano
Føregangar
Johannes Paul II
Pave
20052013
Etterfylgjar
Frans I


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pave Benedikt XVI