Ar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ar er òg ei forkorting for argon.

Ar (frå fransk av latin area (open plass, flate) er ei eining for flatemål, lik 100 kvadratmeter. Symbolet for ar er a.

I Noreg vart aret innført som måleeining då meterkonvensjonen vart innført i 1875.

Eit ar er lik 100 kvadratmeter. Ar er ikkje ei SI-eining, men definert ut frå meteren.

Eininga er lite bruka i norsk daglegliv, vi brukar heller einingane kvadratmeter eller dekar, ettersom det høver med arealstorleiken.

1 ar = 100 m²
10 ar = 1 dekar
100 ar = 1 hektar
10 000 ar = 1 kvadratkilometer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]