Arakne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arakne

Frise frå Nerva sitt forum som viser avstraffinga av Arakne.
Opptrer iMetamorfoser
FarIdmon
SambuarPhalanx
BarnCloster

Arakne eller Arakhne (gresk skrift Ἀράχνη) er ei segnkvinne og vevar i gresk mytologi som gudinna Atene omskapte til ein edderkopp.

Det blir sagt at Arakhne var ein av dei fremste vevarane, og laga vevnader av beste kvalitet. Ho blei beundra av alle for arbeidet sitt. Ho skrøyt av at ho var den beste vevaren, til og med betre enn Atene, gudinna for veving.

Atene gjekk til henne forkledd som ei gammal kvinne og fortalde Arakne at ho måtte sona for den overdrivne sjølvtilliten sin. Arakne ville ikkje ta orda sine tilbake, og utfordra i staden Atene til ein vevekonkurranse. Atene tok av seg forkledninga si, viste kven ho var og konkurransen starta. Gudinna vov ei avbilding av konflikten med Poseidon over Aten, medan Arakne vov ein bildeserie av dei mange romantiske erobringane til Zevs. Atene blei rasande over dugleiken hennar og emnevalet (konkurransen blei aldri avgjort). Det enda med at Arakne fekk ei forferdeleg skuldkjensle, og i fortviling freista å ta livet av seg ved å henga seg i ein av vevtrådane. I det livet var nær ved å ebba ut, redda Athene henne ved å skapa henne om til den fyrste edderkoppen.

Asteroiden 407 Arachne har namn etter henne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]