Hopp til innhald

Arasvikfjorden

63°8′43.300″N 8°24′31.180″E / 63.14536111°N 8.40866111°E / 63.14536111; 8.40866111

Arasvikfjorden
fjord
Utsikt mot Vågosen frå Arasvikfjorden.
Land  Noreg
Fylke Trøndelag, Møre og Romsdal
Kommunar Heim, Aure
Kart
Arasvikfjorden
63°09′13″N 8°27′04″E / 63.15361111°N 8.45111111°E / 63.15361111; 8.45111111

Arasvikfjorden er ein delfjord av Vinjefjorden mellom kommunane Heim i Trøndelag og Aure i Møre og Romsdal.

Arasvikfjorden er ei fortsetjing av Korsnesfjorden, som ligg i vest, og strekkjer seg 12 km austover på sørsida av Ertvågsøya. Valsøya ligg på sørsida av fjorden og på sørsida av øya ligg innløpet til Valsøyfjorden som går sørover. Fjorden endar i aust mellom Rumpa i nord, Arøya og Renndalshamna i sør.

Ferjesambandet ArasvikaHennset, som vart opna i 1965, kryssar Arasvikfjorden. Ferjesambandet blir trafikkert av mindre bilferjer som tek mellom 30 og 50 bilar.