Heim kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den tidlegare kommunen med same namn, sjå Heim kommune (1911-1964).
Heim kommune
kommune
Skålvikfjorden.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Kyrksæterøra og Liabø
Ordførar Odd Jarle Svanem (Sp)
Kommunenr. 5055
NO 5055 Heim.svg
Nettstad: https://www.heim.kommune.no/

Heim kommune er ein kommune i Trøndelag fylke som blei skipa 1. januar 2020 då Hemne, Halsa og ein del av Snillfjord kommune (Vennastranda) blei slått saman.[1][2] Kommunen har delt administrasjonssenter mellom Kyrksæterøra og Liabø, som tidlegare hadde denne rolla i høvesvis Hemne og Halsa.[3] Han grensar til Hitra, Orkland, Rindal, Surnadal, Aure og Tingvoll kommune.

Den første ordføraren for kommunen blei Odd Jarle Svanem (Sp), medan Marit Liabø Sandvik (Ap) blei den første varaordføraren.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Endringer i kommunestrukturen». Stortinget (bokmål). Henta 25. september 2017. 
  2. «Den nye kommunen har fått navn». adressa.no. Henta 25. oktober 2017. 
  3. Nyhetsbrev Nye Heim kommune, 28.6.2019
  4. «Godkjent kommunestyrevalg 2019 - Nye Heim», www.nyeheim.no, henta 13. januar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]