Arch Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arch Linux
UtviklarAaron Griffin, Allan McRae, Anatol Pomozov
Opprettamars 2002
Nyaste versjon2022.06.01
Plattformx86_64
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://archlinux.org

Arch Linux (/ɑr/)[1] er ein linuxdistribusjon laga for datamaskiner.[2] Arch Linux held seg til KISS-prinsippet med å halda ting enkelt («Keep It Simple, Stupid»).[3] Prosjektet tek sikte på å ha minst mogleg distribusjons-relaterte endringar, og soleis mindre problem med oppdateringar. Prosjektet har òg eit utala syn der dei set pragmatisme over ideologi og fokus på detaljtilpassing over det å vera enklast mogleg å nytta.[4]

For å gjera hyppige oppdateringar av pakkar enklare, vart pacman utvikla av Judd Vinet for å gje Arch sin eigen pakkehandsamar for å spora pakkar som treng å oppdaterast.

Skjermbilete av installasjonsprosessen
Neofetch skjermdump med systeminformasjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aaron Griffin (24. august 2005). «Pronnounciation of our beloved distribution's name». Osdir.com. Arkivert frå originalen 12. februar 2012. Henta 19. oktober 2009. 
  2. «About». Arch Linux. Arkivert frå originalen 2. januar 2017. Henta 27. september 2011. 
  3. «Arch terminology - ArchWiki». wiki.archlinux.org. Henta 22. desember 2020. 
  4. «Arch Linux Principles». ArchWiki. 16. september 2019. Arkivert frå originalen 11 November 2019. Henta 13. november 2019.