Ardea i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå midtbyen i Ardea

Ardea er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 48 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 72,1 km².

Byen Ardea ligg 36 km sør for Roma. Bysentrum ligg i dag fire kilometer frå havet, 17 meter over havet.

Landbruk er hovudnæring i Ardea, men sidan 1970-åra har industri spela ei stadig større rolle.

Byen vart grunnlagd på 700-talet føre Kristi fødsel. Etter at Romarriket fall i grus vart Ardea avfolka, fyrst på 800-talet voks byen oppatt. Frå 1932 vart det kringliggjande landområdet drenert, noko som gjorde at byen voks til så han i 1970 vart eigen kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]