Industri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mekanikar arbeider med ei Damppumpe på ein fabrikk. Fotografert av Lewis Hine (1920)

Industri er ei form for økonomisk verksemd som er kjenneteikna av at

  • Råvarer vert omskapte til ferdige produkt.
  • Produksjonen går føre seg i stor skala og ved hjelp av maskiner og kraft utanfrå.
  • Store førehandsinvesteringar er naudsynt om det skal verte utbytte av det.

Industrien er den andre sektoren i ei oppdeling av heile det økonomiske livet i tre sektorar: Primærnæringane er råstoffutvinning, gruvedrift, landbruk og fiske. Sekundærnæringane er industriverksemd og tertiærnæringane er handel, service og transport.

Det finst ulike typar industri, så som råvareindustri, tekstilindustri, bilindustri osb.

I vidare nemning er industri all slags næringsliv - som til dømes underhaldningsindustri eller filmindustri.

Dei mest vellukka verksemdene innanfor ei industrigrein har det med å vera anten dei selskapa som vart starta med ein stor innsatskapital, eller tidlege inovatørar som var fyrst ute med å få ein ny teknologi ut på marknaden.

Industrien vart eit hovudområde i næringslivet i Europa og Nord-Amerika under den industrielle revolusjonen. Gjennom ei rask utvikling av nye teknologiar, så som mekaniske vevstolar og dampmaskiner, vart dei gamle føydale og merkantile økonomiane kasta om.

I Noreg har det vore foredla trevirke i sagbruk i fleire hundreår, men dette vert ikkje rekna som eigentleg industri. Den norske industrialiseringa tok til så smått i 1815, heldt fram på 1840-talet, med etableringa av spinneri og veveri som nytta mekanisk kraftoverføring frå elver og fossefall, men skaut fart for alvor først etter hundreårsskiftet, basert på hydroelektrisk energi.

Eit samfunn der industri er dominerande, vert kalla eit industrisamfunn. Slike samfunn har vore gjennom ein prosess med industrialisering. Eit samfunn der industri har vorte mindre viktig, kan kallast eit postindustrielt samfunn.