Ardery Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°22′S 110°27′E
Ardery Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Windmill Islands
Stad Antarktis
 - koordinatar 66°22′S 110°27′E
Lengd 1,0 km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Ardery Island is located in Antarktis
Ardery Island (Antarktis)

Ardery Island er ei bratt, klipperik øy, som ligg 1,7 km vest for Odbert Island i Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operasjon Highjump og Operasjon Windmill i 1947 og 1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter major E. R. Ardery, ein observatør i ingeniørtroppen som var med på å opprette astronomiske kontrollstasjonar mellom Wilhelm II Coast og Budd Coast sesongen 1947-48.

Cave Ravine[endre | endre wikiteksten]

Cave Ravine er ei ravine vest på øya. Ho vart først kartlagd av Operasjon Highjump, ho vart vitja i 1961 av dr. M. N. Orton, som var militærlege ved Wilkes Station. Ho fekk dette namnet av ANCA fordi det ligg ei grotte i vestveggen av ravina. Cave Landing er ein isfot nær Cave Ravine der ein kan gå i land på våren og sommaren. Denne vart oppdaga av dr. Orton då han vitja Cave Ravine, og vart namngjeven av ANCA etter sistnemnde.

Mast Point[endre | endre wikiteksten]

Mast Point er det vestlegaste punktet på øya. Det vart namngjeve av US-ACAN etter bygningssnekkaren Clarence W. Mast som heldt til ved Wilkes Station i 1958.

Hiegel Passage[endre | endre wikiteksten]

Hiegel Passage er eit sund mellom øya og Holl og Ford Islands i sør. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter offiseren James A. Hiegel i US Navy som var leiar for Mobile Construction Battalion og som leia bygginga av Wilkes Station i februar 1957.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]