Are Tomasgard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Are Tomasgard

Fødd30. april 1968 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkelokalpolitikar, fagforeningsleder
VervOrdførar i Sørum 2011-2013
FøregangarHans Marius Johnsen
EtterfylgjarMona Granbakken Mangen
Alle verv
  • ordførar i Sørum (2011–2013) Sjå dette på Wikidata

Are Tomasgard (fødd 30. april 1968) er ein norsk lokalpolitikar frå Arbeidarpartiet. Han var ordførar i Sørum kommune frå 2011[1] til mai 2013, då han blei vald til LO-sekretær ved LO-kongressen.[2]


Tomasgard har vore medlem av Sørum kommunestyre sidan 2007, og har tidlegare sete i kommunestyret i Odda kommune og i Hordaland fylkesting.[3]

Han har vore gründer og har skrive ei bok om forhandlingsvisdom.[4] Frå 2007 og fram til han vart vald til ordførar i 2011 var han spesialrådgjevar i Industri Energi.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Odd Hellum (28. september 2011). «Det politiske flertallet fortsetter samarbeidet, Are Tomasgard blir ny ordfører». Nettstaden til Sørum kommune. Henta 24. november 2011. 
  2. Are Tomasgard valgt inn i LO-ledelsen og trekker seg som ordfører i Sørum, arkivert frå originalen 22. desember 2015, henta 10. april 2019 
  3. «Listetopper kommunestyrevalget i Sørum 2011» (PDF). 
  4. «Forhandle med visdom». frifagbevegelse.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]