Sørum kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørum kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Sørumsand
Areal 207 km²
 - land 205 km²
 - vatn km²
Folketal 17 443 (1. januar 2016)
Folketettleik 85 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Marianne Hansen (H)
Kommunenummer 0226
NO 0226 Sørum.svg
Wikimedia Commons: Sørum

Sørum kommune er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen ligg på Romerike, på begge sider av Glomma, og grensar i nord til Ullensaker, i aust til Nes og Aurskog-Høland, i sør til Fet og i vest til Gjerdrum og Skedsmo. Administrasjonssenteret i Sørum kommune er Sørumsand.

Kommunen vart oppretta i 1963 da dei tidlegare kommunane Sørum og Blaker vart slått saman.[1]

Namnet Sørum kjem av norrønt suðr (sør) og heim. Kommunevåpenet vart godkjent i 1981 og har ei raud rose med fem kronblad mot ein gull bakgrunn. Motivet er basert på det gamle adelsvåpenet til Sudreimsætta.[2]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sørumsand stasjon på museumsbanen Tertitten

Jordbruksarealet og husdyrholdet er det største blant kommunane på Nedre Romerike. Jordbruket har vore viktig vest for Glomma der anslagsvis 40 % av arealet er dyrka mark. Korndyrking og storfehald er dei viktigaste driftsformene. Det kuperte landskapet vest for Glomma skapte tidlegare problem for mekaniseringa av jordbruket, og store areal er derfor planert ut. Industrien er dominert av verkstadindustri og kjemisk industri. Det er kraftstasjonar i Rånåfoss og Bingsfoss, begge i Glomma.[1]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

I nordvest går E6 gjennom kommunen. Fylkesveg 171 (Frogner–Sørumsand–Aurskog) knyter kommunen med E6 til Lillestrøm og Oslo. Det er fylkesvegar på begge sider av Glomma til Nes (fylkesveg 173 og 175), og på austsida til Fet (fylkesveg 172). Heilt i sør går fylkesveg 170 Fetsund–Bjørkelangen, bygd som kompensasjon for Aurskog-Hølandsbanen (Sørumsand–Skulerud) som vart lagt ned i 1960. Det er bruer over Glomma ved Bingsfoss og Rånåsfoss. Hovedbanen og Gardermobanen frå 1998 går gjennom kommunen i nordvest. Kongsvingerbanen følgjer austsida av Glomma.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sørum – kommune. Store Norske Leksikon. Vitja 8. januar 2014.
  2. Sørum kommunevåpen. Sørum kommune. Vitja 8. januar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]