Arena Romanistica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Arena Romanistica er eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift som vert utgjeve to gongar i året av Insitutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen. Tidsskriftet tek for seg lingvistikk, filologi, litteratur og kultur innanfor dei romanske språkområda. Per i dag (mars 2010) vert Arena Romanistica vurdert som «nivå 1» tidsskrift av Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).

Kvart nummer tek for seg eit spesielt tema, medan ein open del publiserer artiklar som fell utanfor temaet. Sidan oppstarten i 2007 har Arena Romanistica kome ut med følgjande nummer:

1/2007: Corpus Lingustics and Text Linguistics in Romance Languages

1/2008: Didactic Studies in Romance Languages

2/2008: Postcolonial Studies in Romance Languages

4/2009: The 28th Conference on Lexis and Grammar

5/2009: Genre Studies

Tidsskriftet endra nummerering i 2009 ved å gå frå årsbasert nummerering til løpande nummerering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]