Universitetet i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet i Bergen

Latinsk namnUniversitas Bergensis
Grunnlagt1946
TypeOffentleg universitet
RektorDag Rune Olsen
StadBergen kommune
Studentar16 900 (2019)
Tilsette4 215 (2019)
MedlemskapCoimbragruppa, International Science Council, ORCID
Org.nummer874789542
Nettstadhttps://uib.no (nynorsk)
ErstattarKunst- og designhøgskolen i Bergen

Universitetet i Bergen (UiB) er det nest eldste universitetet i Noreg, oppretta i Bergen i 1946.

Med sine vel 14 500 studentar og ca. 3 450 tilsette er UiB eit mellomstort europeisk universitet. Det er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i nærleiken av dei sentrale delane av Bergen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskningsinstitusjon som dekkjer de fleste fagområda, organisert i sju fakultet og rundt 60 institutt og faglege senter.

Avdelingar ved Universitetet i Bergen er lokalisert fleire stadar i Bergen, med universitetsområde på Nygårdshøyden, Marineholmen og Årstad med Haukeland. Dei humanistiske, juridiske, psykologiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta ligg på Nygårdshøyden. Årstadvollen er helsecampus for Det medisinsk-odontologiske fakultet. Fakultetet ligg tett ved universitetssjukehusa Haukeland og Haraldsplass.

Realfagsbygget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Universitetet vart oppretta ved stortingsvedtak av 9. april 1946. Lov om Universitetet i Bergen trådde i kraft 30. august 1946. I europeisk samanheng er Universitetet i Bergen eit ungt universitet. Men dei akademiske røtene går djupare: Det har i lang tid føregått vitskapleg verksemd og undervising ved Bergens Museum, etablert allereie i 1825.

Rektorar ved UiB[endre | endre wikiteksten]

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

Det juridiske fakultet sett frå Magnus lagabøtes plass.
Studentsenteret.

Ved opprettinga i 1946 vart Universitetet i Bergen organisert med tre fakultet: Det historisk-filosofiske, Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultet. I 1970 vart Det odontologiske og Det samfunnsvitskaplege fakultet etablert, og ti år seinare, i 1980, følgde opprettinga av Det psykologiske og Det juridiske fakultet. Hausten 2007 endra Det historisk-filosofiske fakultet namn til Det humanistiske fakultet, og i 2008 vart fakulteta for medisin og odontologi slått saman til eitt fakultet. I 2017 vart fakultet for kunst, musikk og design lagt til, ei samanslåing av tidlegare Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og Griegakademiet.

Ved Universitetet i Bergen finst desse sju fakulteta:

Ved fakulteta føregår det både forsking og undervising på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.

Universitetsbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Bibliotek for humaniora, reist 1961 som hovudbygg for Universitetsbiblioteket i Bergen.

Universitetsbiblioteket i Bergen (UBB) vart offisielt oppretta i 1948, to år etter at universitetet offisielt vart grunnlagt. Men til liks med universitetet er biblioteket ei vidareføring av verksemda ved Bergens Museum, der det frå 1825 òg fanst eit bibliotek. Fyrst i 1961 fekk biblioteket sitt eige bygg, reist ved hjelp av ein donasjon frå J.L. Mowinckels rederi.

Universitetsbiblioteket i Bergen gjev informasjons- og dokumentasjonstenester for forskinga og undervisinga ved Universitetet i Bergen. Biblioteket er desentralisert med fakultetssamlingar og eigne bibliotek for humaniora, realfag, medisinske fag, odontologiske fag, samfunnsvitskap, juridiske fag og psykologi. Samlingane er på om lag 1,78 millionar bind bøker og tidsskrift. I tillegg kjem spesialsamlingar for manuskript, diplom, kart og bilete (fotografi). I denne samlinga finst vel 3600 manuskript og diplom, ca. 42 800 kartblad og atlas, og 240 000 bilete. Universitetsbiblioteket si samling tilførast i stadig større grad elektroniske objekt, og av UBB sine 16 620 tidsskriftabonnement, er 13 070 av dei i elektronisk form.

Universitetsmuseet[endre | endre wikiteksten]

De naturhistoriske samlinger held til i Bergens Museum sin gamle bygning.

Bergens Museum eksisterer framleis som ei eiga eining ved Universitetet i Bergen. Museet, som i 2011 fekk namnet Universitetsmuseet i Bergen, driv innsamling, dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling, og er organisert i to avdelingar. Ved De kulturhistoriske samlinger dekkast antropologi, arkeologi og kunst- og kulturhistorie. Her finst òg ein eigen konserveringsseksjon. De naturhistoriske samlinger dekker botanikk, geologi og zoologi. Begge samlingane har museumsbygg på Nygårshøyden i Bergen sentrum, der det òg finst ein botanisk hage i tilknyting til Naturhistorisk museum. De naturhistoriske samlinger omfattar òg Arboretet og Botanisk hageMilde sørvest i Bergen kommune.

Senter[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fakulteta med ordinære institutt har Universitetet i Bergen ei rekke frittståande senter.

Fire senter har status som nasjonale senter for framifrå forsking (SFF):

Tidlegare sentre for framifrå forsking er Senter for geobiologi, Bjerknessenteret for klimaforskning, Senter for middelalderstudier (CMS), Senter for integrert petroleumsforskning (CIPR), Centre for Cancer Biomarkers,[5] Birkeland Centre for Space Science[6] og Nordic Centre for Medieval Studies (NCMS). Andre senter er HEMIL-senteret for forsking på helsefremjande arbeid, miljø og livsstil, Senter for vitskapsteori (SVT), Senter for Midtausten og islamske studie, Senter for internasjonal helse (CIH), Senter for kvinne- og kjønnsforskning og Sarssenteret. Selmersenteret, der det hovudsakleg vert forska på kryptografi og kodeteori, er oppkalla etter Ernst S. Selmer og vart oppretta 11. februar 2003.

Oppdragsforskinga er organisert i NORCE (tidlegare Uni Research), som har ei rad underavdelingar, mellom dei Rokkansenteret og Unifob global.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olsen blir rektor». Universitetet i Bergen (på norsk bokmål). 24. april 2013. Henta 7. mars 2021. 
  2. «Team Hagen er vinnarar av rektorvalet ved UiB». Universitetet i Bergen (på norsk bokmål). 7. januar 2021. Henta 8. januar 2021. «Hagen har siden mandag 4. januar vært fungerende rektor ved Universitetet i Bergen, og universitetsstyret har nå formelt fastsatt at prorektor overtar som rektor frem til 1. august 2021. (---) I perioden 22. – 25. mars skal det velges ny rektor ved Universitetet i Bergen.» 
  3. CISMAC, arkivert frå originalen 26. august 2014, henta 22. august 2014 
  4. https://www.uib.no/en/sapience
  5. http://www.uib.no/en/ccbio/
  6. https://birkeland.uib.no/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Bergen