Argun i Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Argun
elv
Amur watershed.png
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Nedslagsfelt 164 000 km²
Lengd 1 620 km
Munning Amur
Wikimedia Commons: Argun River (Amur tributary)

Argun (russisk skrift Аргунь; kinesisk Hailar He; mandsjurisk Ergune bira) er ei elv som renn langs grensa mellom Russland og Kina og ei av sideelvane til Amur frå høgre. Elva er 1620 km lang og har eit nedslagsfelt på 164 000 km².

Elva renn frå vestsida av Store Khingan i Indre Mongolia. Argun renn saman med Sjilka og dannar Amur.

Elva frys til i slutten av november og vert isfri att tidleg i mai. Dei viktigaste sideelvane hennar er Urov, Urjumkan, Gazimur frå venstre og Genkhe go Njuerkhe frå høgre.

Det finst over 60 fiskeartar i elva, mellom anna karpe og stillehavslaks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]