Arkaisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein arkaisme, av gresk ἀρχαῖος (archaĩos), 'gammaldags', er i språkleg samanheng ei gammalvoren, i nokre høve òg forelda, bøyingsform, eller eit gammalvore ord eller uttrykk.

Av same rota har vi adjektiva arkaisk om gammalvorne eller forelda ord og uttrykk og arkaistisk om ein uttrykksmåte som etterliknar gammalvoren stil. Vi har òg verbet arkaisere om å etterlikne stil og uttrykksmåtar frå gammal tid.

Uttrykket vert òg bruka innan kultur, herunder mellom anna kunst og religion.

Uttrykket er ikkje meint nedsetjande. Litauisk skal vere blant dei mest arkaiske språka i Europa; med det meiner ein at språket har teke vare på formrikdom frå eit indoeuropeisk urspråk[treng kjelde].