Armasjärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°19′25″N 23°31′25″E Armasjärvi er ein innsjø og ein tettstad i Övertorneå kommun i Norrbottens län. Plasseringa er sørvest for Övertorneå og vest for Torne älv. Innsjøen er lang og smal i nordnordvestleg retning. Elva Puostijoki renn inn i det sørvestre hjørnet av Armasjärvi. I det søraustre hjørnet renn så elva Puostijoki ut, då kalla Armasjoki. Innsjøen ligg 49 meter over havet.

Folke Pudas som sveltestreika i ein kasse på Sergels torg i 1983 kom frå Armasjärvi.

Armasjärvi er finsk og tydar Kjærleikssjøen.

Armasjärviulukka[endre | endre wikiteksten]

Den vondaste ulykka som råka det svenske forsvaret under beredskapstida skjedde om kvelden den 24. oktober 1940 på denne innsjøen då ei ferje forliste og 46 menn omkom.

Ulukka skjedde då eit ingeniørkompani skulle fraktast med ferje frå den vestre sida av innsjøen til den austre, der forlegningen til soldatane låg. To troppar, om lag 100 menn, vart beordra ombord i ferja, til trass for at ferjemannen protesterte og hevda at ferja berre var dimensjonert for om lag halvparten.[1] Ferja havarerte halvveges ute på den kilometerbreie innsjøen. Det var iskaldt i vatnet, soldatane var tungt utrusta og det var dessutan sterk vind. 46 menn omkom, 44 soldatar og to sivile. Dei to sivile var den 18-årige ferjemannen og broren hans som rodde ut til ulukkesstaden for å redde forulukka i vatnet. Ofra vart ført i kister til jernbanestasjonen i Övertorneå og derfrå til sine heimstader. Mange av dei forulukka høyrte til Västernorrlands län. Ein minnestein med namna til dei omkomne og heimstadane deira er reist ved innsjøen.

Bodens ingenjörregemente (Ing 3) og etter det ingeniørkompaniet ved Norrbottens regemente (I 19) gjennomfører årleg ein seremoni for å minnast dei omkomne.[2]

Ulukka er filmatisert i filmen 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. nsd.se (2009-09-12) Katastrofen i Armasjärvi
  2. forsvarsmakten.se (2009-10-23) Stämningsfull åminnelse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]