Armbandsur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Analogt armbandsur av tysk fabrikat med felt som syner dagens dato.

Armbandsur er klokker av høveleg storleik til å bere om handleddet, og vert festa til handleddet med ei reim av lær eller kunststoff, eller med ei ledda stållenkje. Urskiva kan vere utforma for å syne tida analogt eller digitalt. Eit analogt ur har visarar som er festa i sentrum av urskiva og sveiper over ein sirkel som er delt inn i tolv timer og seksti minutt. Ein lang visar peiker på minuttinndelinga og ein stutt visar peikar på timeinndelinga. Dessutan kan det vere ein tynn visar som syner sekunda i eitt minutt, og eit felt som syner dagens dato og namnet på dagen. Eit digitalt ur syner tida med tal i timer, minutt og sekund, og er vanlegvis elektrisk drivne med eit lite batteri.

Analoge ur kan vere drivne med ei spiralstålfjør som må strammast anten manuelt eller automatisk ved hjelp av ein mekanisme som nytter dei rørslene som uret vert utsett for under bruk, eller uret kan vere elektrisk drive med eit lite batteri. Både analoge elektrisk drivne ur og digitale ur er såkalla kvartsur, det vil seie at dei nytter mineralet kvarts i ein elektronisk svingekrins (kvartsoscillator) for å måle tida.

Armbandsur kan vere vasstette, og elles vere utstyrt med ulike andre funksjonar enn berre å syne tid og dag.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Armbandsur