Arnafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°2′42″N 6°24′51″E Arnafjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på sørsida av fjorden i Vik kommune. Han har ei lengd på 8,5 km og går generelt svakt sørvestover. Nesten inst i fjorden delar han seg i to greiner, Framfjorden og Indrefjorden. Den lengste fjordarmen av desse er Indrefjorden.

Fjorden har innløp mellom Husstavenes i vest og Eitreneset i aust og ligg mellom fjella Fagerdalsnipi (1245 moh) og Jambueggi (1145 moh). Eit stykke inn i fjorden ligg grenda Nese på vestsida. Her stupar Breidfossen ned til fjorden. Like forbi Nese deler fjorden seg i Framfjorden og Indrefjorden. Framfjorden går inn til bygda Framfjord. Indrefjorden går inn til gardane Tenne, Frettheim og Åse.

Fv92 går langs austsida av fjorden og rundt heile dei indre områda og opp til Nese på vestsida, der vegen endar.