Framfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°0′37.742″N 6°24′13.162″E Framfjorden er ein fjordarm av Arnafjorden på sørsida av Sognefjorden i Vik kommune. Han har ei lengd på 1,5 km og strekkjer seg søraustover og inn til Framfjord inst i fjorden. Vest for Framfjorden går Indrefjorden sørvestover.

Fjorden har innløp mellom Bugnaneset i nord og Vabergane i sør. Dalselvi munnar ut i fjorden ved botn Framfjord. Fv92 går langs heile fjorden.