Arne Lindtner Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Lindtner Næss
Fødd19. desember 1944
FødestadBergen
Verka somskodespelar, filmregissør, manusforfattar, filmskodespelar
MorRandi Lindtner Næss
BornPeder Hamdahl Næss

Arne Birger Lindtner Næss (fødd 19. desember 1944) er ein norsk filmskodespelar, -regissør, -produsent og manusforfattar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Arne Lindtner Næss er utdanna skodespelar og filmdebuterte allereie i 1969 i Brent jord. Han har opptrådt på nær alle teater i Noreg, og er framleis aktiv. I moderne tid er han kanskje mest kjend ifrå dramaseriane Familiesagaen De syv søstre og Venner og fienderTV 2.

Frå 1985 tok han til å også regissera, produsera og skriva manus for filmar, noko det også må seiast han har lukkast med. I desse jobbane har han vorte særleg kjend for regisseringa av filmane om Olsenbanden junior, samt familiefilmen Venner for livet frå 2005. Arne Lindtner Næss vann Amandaprisen for 2005 i klassen Beste barne- og ungdomsfilm med Venner for livet.

Dei siste prosjekta til Lindtner Næss er filmen Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn samt den komande fjernsynsserien Esefo-kidza.

Arne Lindtner Næss er far til filmregissøren Peder Hamdahl Næss.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]