Arnfinn Laudal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnfinn Laudal
Arnfinn Laudal.jpg
Fødd19. juni 1936
Kirkenes
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Olav Arnfinn Laudal (fødd 19. juni 1936 i Kirkenes) er ein norsk matematikkprofessor ved Universitetet i Oslo.

Han studerte mellom anna på den mest prestisjefylte matematikkutdanningsinstitusjonen, Ècole Normale Supèrieure, i Frankrike. Laudal har studert til doktorgrad ved Columbia University og Institut Henri Poincarè i Paris. Han har vore tilsett ved Universitetet i Oslo sidan 1962 og vart utnemnd til professor i 1985. Sidan 2003 har han hatt stillinga professor emeritus. Hovudarbeidsområdet til Laudal er algebraisk geometri, deformasjonsteori og ikkje-kommutativ algebra.

Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og har vore politisk aktiv i SV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]