Kirkenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkenes
By
Kirkenes MS Lyngen.jpg
MS «Lyngen» til kai i Kirkenes.
Februar 2007.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Areal 2,14 km²
Folketal 3 566 (2017)
Folketettleik 1 666 / km²
Postnummer 9900 KIRKENES
Map
Kirkenes
69°43′38″ N 30°2′42″ E
Wikimedia Commons: Kirkenes

Kirkenes (nordsamisk Girkonjárga, skoltesamisk K'eârggnjargg[1], finsk Kirkkoniemi) er ein by og administrasjonssenteret i Sør-Varanger kommune i Troms og Finnmark fylke. Byen ligg ved Bøkfjorden, om lag ei mil frå grensa til Russland. Han har rundt 3300 innbyggjarar (kjelde: SSB), ein del av dei russiske innflyttarar. Kirkenes fekk sin bystatus i 1998.

Gågata i Kirkenes i februar 2005.

Barentssekretariatet, som har til oppgåve å skapa kulturelle, økonomiske og utdanningsmessige band i Barentsregionen, held til i Kirkenes. Ikkje langt frå byen ligg Garnisonen i Sør-Varanger.

Kirkenes er endepunkt for Europaveg 6, og vendepunkt for Hurtigruta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kirkenes var ein av dei mest utbomba byane under den andre verdskrigen, berre Malta skal ha vore hardare ramma. Etter 320 luftåtak og over tusen alarmar stod 13 hus att. Byen vart frigjord av Den raude arméen 25. oktober 1944.

I 2019 vart 75-års dagen for frigjeringa av Kirkenes feira med ein seremoni på torget.[2] Til stades var mellom anna den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov, statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og kong Harald.

Kulturinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fornyings-, administrasjons-og kirkedepartementet (20. august 2018), «Fakta om samiske språk», Regjeringen.no (på norsk), henta 6. januar 2020 
  2. «Lavrov i Finnmark: Vil ha norsk hjelp til bedre sikkerhet i Europa», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 5. november 2019 
  3. Krogh, Astrid (3. september 2016), «Verdens største Savio-samling kommer hjem», NRK (på norsk bokmål), henta 5. november 2019 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]