Arnt Moss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnt Moss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1880
Sør-Odal kommune
Død

1964 (84 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Arnt Ferdinand Moss (20. februar 18801964) var ein norsk revisor frå Sør-Odal, busett i Drammen, som representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1934-45.

Moss var son til ein gardbrukar og fanejunker i Strøm-sokna i Sør-Odal. I 1901 og -02 tok han eksamenar ved 2. brigades underoffisersskule i Oslo, sidan var han funksjonær hos Drammens politikorps frå 1903. I 1911 fekk han jobben som kasserar for Drammens gassverk. Der etter var han 1918-21 forretningsførar i A/S "Fremtiden". Han fekk i 1921 stilling som kommunerevisor i Drammen, frå 1946 var han revisjonssjef i kommunen til han gjekk av med pensjon.

Moss engasjerte seg i Arbeidarpartiet og var bystyremedlem i Drammen 1910-25 og 1931-37. Gjennom åra hadde han mange kommunale verv, mellom anna var han formann for Drammens kommunale pensjonskasse, Drammens kommunale skogar og i 1940-41 og 1945-? for det kommunale brenselsutvalet. Periodane 1934-36 og 1937-45 var han stortingsmann frå dei tre kjøpstadene i Buskerud. Han var medlem 1935-36 i Administrasjonskomiteen og 1937-45 i Protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.