Arnulv Sudmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnulv Sudmann
Fødd 19. juni 1912
Død

30. april 1981

Yrke journalist, redaktør

Arnulv Sigurd Sudmann (19. juni 191230. april 1981) var ein norsk journalist, leksikonredaktør, lektor, språkbyråkrat, målmann og statsstipendiat. Han vart fødd på Voss.

Han voks opp i ein lærarheim, tok artium i 1931, og seinare ein magistergrad i psykologi ved Universitetet i Oslo (1942). Emnet for og namnet på avhandlinga var Kor mykje forstår borna av språket i lærebøkene?. Han arbeidde som journalist i Norsk Tidend frå 1935 til 1936 og i Nynorsk Vekeblad frå 1941 til 1943, og som redaktør i vekebladet frå 1943 til 1945.

Sudmann er mest kjend for si rolle som hovudredaktør for Norsk Allkunnebok, det største nynorske leksikonet som er utgjeve. Verket kom i 10 bind i perioden 1948–1964. Utgjevinga gjekk ikkje godt økonomisk, og Sudmann slutta med arbeidet før verket vart fullført. Han arbeidde med allkunneboka frå 1945 til 1960.

Han var lektor ved Gudbrandsdal offentlige landsgymnas frå 1960 til 1961, deretter sekretær for nynorsk i Norsk språknemnd i 1961–1972 og kontorsjef for nynorsk same stad i åra 1972–1980. Sudmann vart utnemnd til statsstipendiat i 1980, og høyrde til såleis den gruppa av stipendiatar som mottok statsstipend idet dei pensjonerte seg frå offentleg teneste.

Han gifta seg i 1946 med den ti år yngre Solveig, fødd Gjellesvik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]