Arròs negre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arròs negre med krabbe, reker og blekksprut

Arròs negre er ein spansk matrett frå Valencia-regionen og Catalonia laga med blekksprut og ris. Retten liknar paella, men er farga grå eller svart av blekksprutblekket.[1][2][3] Ein kan også ha andre typer sjømat i, som krabbe, muslingar eller reker. Retten blir tradisjonelt servert med allioli.[4]

Arròs negre tyder 'svart ris' på katalansk og valensiansk, på spansk (kastiljansk) heiter retten arroz negro. Eit anna namn på retten er arroz de pobre, 'fattigmannsris'.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arròs negre ved Barcelona Review
  2. 2,0 2,1 arròs negre ved Spain-Recipes.com
  3. Arroz Negro/ Arrós Negre ved nettstaden Fell Walker
  4. Catalan Cuisine Arkivert 2018-08-28 ved Wayback Machine. ved nettstaden Tourism Barcelona