Paella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paella

Paella er ein spansk rett av kokt ris med olivenolje og safran som kan vera iblanda skaldyr, blekksprut, fisk, fugl og grønsaker. Paella stammar frå Valencia-området og er eigentleg det valensianske namnet på steikepanna retten blir laga i.[1][2]

Ei paellapanne er vid og ganske flat med to handtak. Ho har som regel ein diameter på minst 30 cm, til familiebruk typisk 50-60 cm, men han kan vera fleire meter på panner brukt til større serveringar. Tradisjonelt lager ein retten over open eld, men i nyare tid er det blitt vanlegare å bruka gass som varmekjelde. Retten blir servert direkte frå panna.[2]

Paella i tilpassa gasspanne for denne retten
Foto: Helge Høifødt

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. paella. Reference.com.
  2. 2,0 2,1 paella. Britannica.com.
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.