Artel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Artel (russisk арте́ль, 'arbeidsfellesskap') er ei generell nemning for ulike former for produksjonssamvirke i handverk, jordbruk og kunst i det gamle russiske samfunnet.

Artel-ordninga var karakteristisk for den førkapitalistiske perioden i Russland og går tilbake til 1200-talet (jamfør mir). I Sovjetunionen danna ho grunnlaget for det kollektiviserte jordbruket.

I russisk kunst er kunstnarartellet leia av Ivan Kramskoj frå 1863 særleg kjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Artel» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. november 2014.