Arthur Greenslade
Arthur Greenslade | |||
Fødd | 4. mai 1923 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Northfleet | ||
Død | 27. november 2003 (80 år) | ||
Dødsstad | Sydney | ||
Opphav | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | dirigent, komponist, jazzmusikar, pianist |
Arthur Greenslade (4. mai 1923–27. november 2003) var ein britisk dirigent og arrangør for film og fjernsyn, og ei rekkje artistar. Musikalsk var han mest aktiv i 1960- og 1970-åra.[1]
Greenslade vart fødd i Northfleet i Kent. I 1950-åra var han pianist og arrangør med Oscar Rabin Band.[1] Han arrangerte for Jack Jones, Chris Farlowe, Serge Gainsbourg, Genesis, Cat Stevens, Diana Ross, Dusty Springfield, The Bachelors og Kinderjazz.[1] For Shirley Bassey arrangerte han «Goldfinger» og «Send In the Clowns». Han har dirigert orkester i Hollywood Bowl og Carnegie Hall, og var Bassey sin musikalske leiar.[1][2] Han var arrangør og dirigent på Shirley Bassey-albuma And I Love You So,[3] Never Never Never,[4] Good, Bad But Beautiful,[4] Love, Life and Feelings,[5] og You Take My Heart Away.[6] Han spelte òg piano på den første hitten til The Kinks, «You Really Got Me».
Saman med Andrew Oldham skreiv han «Headlines», B-sida på «Ride on Baby» (IM 038) av Chris Farlowe, som vart gitt ut i 1966.[7]
Greenslade dirigerte òg nokre easy listeining-innspelingar. Han dirigerte orkesteret for Rod McKuen sin første TV-spesial, som vart send på NBC i mai 1969.[1][8] Han arrangerte òg bidrag til Irland til Eurovision Song Contest i 1973, «Do I Dream», sungen av Maxi. Han arrangerte hitsingelen «Je t'aime... moi non-plus» av Serge Gainsbourg og Jane Birkin frå 1969.[9]
Greenslade døydde i 2003, 80 år gammal, i Sydney i Australia.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arthur Greenslade» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Bruce Eder. «Arthur Greenslade | Biography». AllMusic. Henta 10. april 2023.
- ↑ «THE BASSEY BLOG | Unofficial Dame Shirley Bassey News and Features». Songsofshirleybassey. co.uk. Henta 10. april 2023.
- ↑ Viglione, Joe. «Allmusic review». Allmusic. All Media Guide. Henta 10. april 2023.
- ↑ 4,0 4,1 Christopher, James (6. desember 2005). «Never Never Never/Good, Bad But Beautiful - Shirley Bassey». AllMusic. Henta 10. april 2023.
- ↑ Shirley Bassey Love, Life and Feelings på Allmusic
- ↑ Shirley Bassey You Take My Heart Away på Allmusic
- ↑ «Chris Farlowe - Ride on Baby (Vinyl) på Discogs». Discogs.com. 27. oktober 1966. Henta 10. april 2023.
- ↑ TV GUIDE, Carolina-Tennessee Edition, 10-16. mai 1969, s A-10.
- ↑ «Je T'Aime .... Moi Non Plus - Jane Birkin, Serge Gainsbourg | Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 10. april 2023.