Chris Farlowe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Farlowe
2010-11-01 Chris Farlowe IMG 6567.jpg
Chris Farlowe i 2010
Fødd13. oktober 1940 (80 år)
FødestadIslington
FødenamnJohn Henry Deighton
AliasLittle Joe Cook
OpphavIslington i Nord-London i England
AktivSidan 1957
Sjangerrock, blues, blue-eyed soul, R&B, jazzrock
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Rolling Stones, Colosseum, Atomic Rooster
PlateselskapColumbia, Immediate, Stateside; Sue
Verka somMusikar

Chris Farlowe (fødd 13. oktober 1940 som John Henry Deighton) er ein engelsk rock-, blues- og soulsongar. Han er mest kjend for hitten sin «Out of Time», som gjekk til topps på UK Singles Chart i 1966,[1] og som medlem av Colosseum og The Thunderbirds. I tillegg til musikkarrieren har Farlowe vore samlar av krigsminne.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Farlow var inspirert av Lonnie Donegan og starta karrieren sin i ei skifflegruppe kalla The John Henry Skiffle Group, i 1957,[2] før han vart med i The Johnny Burns Rhythm and Blues Quartet, i 1958. Han møtte gitaristen Bob Taylor i 1959 og via han vart han medlem av The Thunderbirds, som gav ut fem singlar for Columbia. For Island-etiketten Sue gav han ut ein versjon av «Stormy Monday Blues» under pseudonymet Little Joe Cook, som var opphavet til ei myte om at han var ein svart songar.[3]

Farlowe flytta til Andrew Loog Oldham sitt Immediate og spelte inn elleve singlar her. Fem av desse var coverversjonar av Rolling Stones-songar: «Paint It, Black», «Think», «Ride On, Baby», «(I Can't Get No) Satisfaction» og «Out of Time», som gjekk til topps i 1966 på den britiske singellista.[1] Han spelte inn fire singlar til, og den mest kjende av desse var Mike d'Abo sin «Handbags and Gladrags».[2] og Small Faces-songen «My Way Of Giving».

Han vart så medlem av jazzrockgruppa Colosseum i september 1970 og spelt einn eit konsertalbum med dei, og to studioalbum, inkludert Daughter of Time (1970). Han har sidan 1994 vore med i alle seinare variantar av Colosseum.[2]

I februar 1972 vart han medlem av Atomic Rooster,[4] og er med på albuma Made in England (1972) og Nice 'n' Greasy (1973).

Han song vokal for kjenningsmelodien som Greenslade skreiv for BBC-serien Gangsters. I 1978 hadde han ei rolle i eit skodespel produsert av BBC Birmingham, Curriculee Curricula, som først vart vist på BBC Two med Magnus Magnusson som forteljar.[5] Farlowe og Greenslade laga musikken. Han song òg to songar på Jimmy Page-musikken til filmen Death Wish II (1982), og på songane «Hummingbird», «Prison Blues» og «Blues Anthem» på Page-albumet Outrider (1988).[2]

Chris Farlowe turnerte i lang tid med Hamburg Blues Band, hovudsakleg i Tyskland.

I 2009 var Farlowe gjesteartist på turneen til Maggie Bell og Bobby Tench som ein del av «Maximum Rhythm and Blues»-turneen, som vart spelt 32 forskjellige stader i Storbritannia.[6]

30. juli 2016 var Chris på Wembley Arena og framførte hitten «Out of Time» som ein del av eit show som markerte 50-årsjubileet for då England vart verdsmeistrar i fotball.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Chris Farlowe and the Thunderbirds (februar 1966)
  • 14 Things to Think About (juni 1966) (UK nr. 19)
  • The Art of Chris Farlowe (november 1966) (UK nr. 37)
  • Tonite Let's All Make Love in London (Soundtrack) (juli 1968)
  • The Last Goodbye (samlealbum, august 1969)
  • From Here to Mama Rosa (september 1970)
  • Chris Farlowe Band Live (november 1975)
  • Out of the Blue (juli 1985)
  • The Live EP: Live in Hamburg (mars 1986)
  • Born Again (juni 1986)
  • Chris Farlowe & Roy Herrington Live in Berlin (17/18. oktober 1991)
  • Superblues (konsertopptak 1991, utgjeve 1994)
  • Waiting in the Wings (mai 1992)
  • Swinging Hollywood (1994)
  • Lonesome Road (september 1995)
  • BBC in Concert (januar 1996)
  • As Time Go By (oktober 1996)
  • The Voice (april 1998)
  • Glory Bound (mars 2001)
  • Farlowe That! (mai 2003)
  • Hungary for the Blues (november 2005)
  • At Rockpalast (oktober 2006)
  • Hotel Eingang (2008)[1]
  • Bursting over Bremen/Live 1985 (2014)

DVD-ar[endre | endre wikiteksten]

  • At Rockpalast (oktober 2006)
  • At Rockpalast 2 (november 2008)
  • At Rockpalast 3 (desember 2012)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singles (1962–65)

  • «Air Travel» / «Why Did You Break My Heart;" (Decca F.11536) (1962)
  • «Girl Trouble» / «Itty Bitty Pieces» (Columbia DB 7237) (1964)
  • «Just a Dream» (Columbia DB 7311) (1964)
  • «Buzz with the Fuzz» / «You're the One» (Columbia DB 7614) (1965)

Singlar og EP-ar på Immediate Records (1965–70)

  • IM016 «The Fool» / «Treat Her Good» (1965)
  • IM023 «Think» / «Don't Just Look at Me» (UK #37) (1966)
  • IM035 «Out of Time» / «Baby Make It Soon» (UK #1) (1966)
  • IM038 «Ride On Baby» / «Headlines» (UK #31) (1966)
  • IM041 «My Way of Giving» / «You're So Good to Me» (UK #48) (1967)
  • IM049 «Yesterday's Papers» / «Life is But Nothing» (1967)
  • IM056 «Moanin'» / «What Have I Been Doing» (UK #46) (1967)
  • IM065 «Handbags and Gladrags» / «Everyone Makes a Mistake» (UK #33) (1967)
  • IM066 «The Last Goodbye» / «Paperman Fly in the Sky» (B-side with the Thunderbirds) (1968)
  • IM071 «Paint It Black» / «I Just Need Your Loving» (1968)
  • IM074 «Dawn» / «April was the Month» (with the Thunderbirds) (1968)
  • IM078 «Out of Time» / «Ride On Baby» (1969)
  • IMS101 «Out of Time» / «My Way of Giving» (UK #44) (1975)
  • IMEP001 «Farlowe in the Midnight Hour» (EP) (1965)
  • IMEP004 «Chris Farlowe Hits» (EP) (1966) [1][7]

Singles & EP-ar på Island og på etiketten Sue

  • «Stormy Monday Blues» (Part One/Part Two) (som Little Joe Cook, Island Sue WI 385)
  • Stormy Monday (EP: «Stormy Monday» / «She's Alright» / «Voodoo») (som Chris Farlowe, Island IEP 709, ca. 1966)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 195. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Eder, Bruce. «Chris Farlowe». allmusic.com. Henta 3. januar 2021. 
  3. «Chris Farlowe Biography». NME. Henta 3. januar 2021. 
  4. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 235. CN 5585. 
  5. IMDb.com chris Farlow TV credits
  6. «Maximum Rhythm and Blues Tour 2009». Flyingmusic.com. Arkivert frå originalen 18. november 2009. Henta 3. januar 2021. 
  7. «Vinylnet Record Label Discographies». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Atomic Rooster