Artisten Sigrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid
Sigrid Over Oslo 2018 (201832).jpg
Fødd5. september 1996 (25 år)
FødestadÅlesund
FødenamnSigrid Solbakk Raabe
AliasSigrid
OpphavNoreg
Aktiv2013–
Sjangerpop, synthpop
Instrumentvokal, gitar, piano, vokal
PlateselskapIsland Records, Petroleum Records
Verka somsongar, låtskrivar, musikar
PrisarSound of..., Årets spellemann, Spellemannprisen for årets popartist, Spellemannprisen for årets nykommer, P3 Gull for årets nykommer, P3 Gull for årets låt

Sigrid Solbakk Raabe, kjent under artistnamnet Sigrid, (fødd 5. september 1996 i Ålesund) er ein norsk songar og låtskrivar.[1][2][3] Ho er syster av musikaren og låtskrivaren Tellef Raabe.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho vart for alvor kjend då hennar første låt, «Sun», vart kåra til Ukas Urørt på NRK i 2013.[5] Sidan dette, som òg kan karakteriserast som hennar nasjonale gjennombrot, har ho opptredd på fleire større arrangement. I januar 2014 gjorde ho ein opptreden på GullfiskenTV 2 saman med bandet sitt.[6] Ho har òg gjesta og opptredd fleire gonger på radioprogrammet ChristineNRK P3.

1. juli 2014 skreiv ho kontrakt med plateselskapet Petroleum Records, samstundes som plateselskapet annonserte at ho ville verta å sjå på fleire norske festivalar i løpet av sommaren.[7] Sommaren 2014 opptredde ho på SommaErfesten på Giske, Øyafestivalen og Jugendfest.

I november 2017 vart ho den norske vinnaren av EBBA-prisen. Prisen er ein EU-pris som vert delt ut av Europakommisjonen under festivalen Eurosonic Noorderslag og vert delt ut til artistar eller grupper frå ti ulike land som har nådd publikum utanfor sitt eige land for første gong.[8] Under P3 Gull 2017 vann ho prisen for årets nykommer og var i tillegg nominert i klassene årets liveartist og årets låt for «Don't Kill My Vibe».[9]

I 2016 signerte ho for Island Records.[10] I 2017 fekk ho internasjonal suksess med songen «Don't Kill My Vibe».[11] Same år spelte ho inn ein coverversjon av Leonard Cohens «Everybody Knows» for den amerikanske suparheltfilmen Justice League.[12]

I desember 2017 opptredde ho under Nobels Fredspriskonsert i Telenor Arena med songane «Strangers» og «Dynamite». I 2018 vart ho kåra til «årets nykommer» under Spellemannprisen 2017, og fekk dermed eit Gramo-stipend på 250 000 kronar.[13] Ho var i tillegg nominert i klassene popsolist for EP-en Don't Kill My Vibe og årets låt for «Don't Kill My Vibe».[14]

Den britiske kringskastaren BBC utropte hennar musikk som den mest spennande for året 2018 med utmerkinga «Sound of 2018».[15] Under P3 Gull 2018 vann ho prisen for årets låt for «Strangers» og var dessutan nominert i klassa årets liveartist. Saman med medkomponist og produsent Martin Sjølie vann ho Edvard-prisen 2018 i klassa populærmusikk for Don't Kill My Vibe.[16][17][18] Føre Spellemannprisen 2018 var ho nominert til tre prisar: popartist for EP-en Raw, årets musikkvideo for «Sucker Punch» og årets låt for «Strangers».[19]

Debutalbumet hennar, Sucker Punch, vart utgjeve 8. mars 2019.[20][21] Albumet debuterte på VG-lista med førsteplass, og gjekk inn på ein fjerdeplass på den britiske albumlista som vart publisert 15. mars.[22][23] Ho er den første norske kvinnelege artisten som har kome inn på den britiske albumlista.[24] Ho vart nominert til P3 Gull 2019 i klassa årets låt for «Don’t feel like crying».[25] Under Spellemannprisen 2019 vart ho kåra til årets spellemann og vann klassa popartist for Sucker Punch.[26] Før utdelinga fekk ho flest nominasjonar og var nominert i ytterlegare tre klasser: årets album og årets låtskriver for Sucker Punch og årets låt for «Don't Feel Like Crying».[27]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

På Stavernfestivalen i 2018
Foto: Tore Sætre

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Sucker Punch (2019)[20]

EP[endre | endre wikiteksten]

  • Don't Kill My Vibe (2017)
  • Raw (2018)[28]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Don't Kill My Vibe» (2017)
  • «Plot Twist» (2017)
  • «Everybody Knows» (2017)
  • «Strangers» (2017)
  • «High Five» (2018)
  • «Schedules» (2018)
  • «Sucker Punch» (2018)
  • «Don't Feel Like Crying» (2019)
  • «Mine Right Now» (2019)
  • «Home to you» (2019)
  • «Mirror» (2021)
  • «Burning Bridges» (2021)
  • «Home to you(this christmas» (2021)

Promosinglar[endre | endre wikiteksten]

  • «Sun» (2013)
  • «Two Fish» (2013)
  • «Known You Forever» (2014)
  • «Dynamite» (2017)
  • «I Don't Want to Know» (2018)
  • «Focus (Demo)» (2018)
  • «Sight of You» (2019)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BBC Music - BBC Music Sound Of, 2018 - 1st Sigrid». BBC (engelsk). Henta 21. november 2021. 
  2. «HJEM». Overoslo (norsk). Henta 21. november 2021. 
  3. «Sigrid». csfd.cz (tsjekkisk). Henta 21. november 2021. 
  4. Savage, Mark (28. mai 2017). «Sigrid: Approaching pop from left-of-centre». BBC News (på engelsk). 
  5. Trine Jørgensen Aandahl (28. mai 2013). «Sigrid (16) fra Ålesund er Ukas Urørt». NRK. 
  6. Willy Haram (29. januar 2014). «Sigrid Raabe skal opptre for nær én million seere på lørdag!». Nytt i Uka. 
  7. «Platekontrakt til Sigrid Raabe». Sunnmørsposten. 1. juli 2014. 
  8. Tom Arne Moe, Sissel Rikheim, Per Vidar Raunholm (22. november 2017). «Adele har fått den før – europeisk musikkpris til Sigrid». NRK. 
  9. Mathilde Lea (25. november 2017). «P3 Gull: OnklP vinner den gjeve P3-prisen». Dagbladet. 
  10. Kjetil K. Ullebø (28. september 2016). «Bergensartist signerer engelsk storkontrakt». Bergens Tidende. 
  11. Frode Berg (25. februar 2017). «Sigrids gledestårer i BBC-studio». NRK. 
  12. Ingrid Emilie Waaler (22. november 2017). «- Vi fikk en superkryptisk mail». Adresseavisen. 
  13. Caroline Tolfsen (25. februar 2018). «Se alle Spellemann-vinnerne her». NRK. 
  14. «Disse kan vinne Spellemann 2017». 9. januar 2018. Henta 27. januar 2018. 
  15. Mark Savage (12. januar 2018). «Sigrid: Norwegian pop star wins BBC Sound of 2018». BBC News (på engelsk). 
  16. «Ina Wroldsen fikk P3-prisen». NRK P3 (norsk). 24. november 2018. Henta 21. november 2021. 
  17. «Her er årets Edvard-vinnerne». ballade.no. 28. november 2018. Henta 2. desember 2018. 
  18. «Her er årets Edvard-vinnerne». 28. november 2018. Henta 2. desember 2018. 
  19. Thomas Thalseth, Catherine Gonsholt Ighanian, Atle Jørstad Wergeland, Steinar Østbø (8. februar 2019). «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». VG. 
  20. 20,0 20,1 Elizabeth Aubrey (8. desember 2018). «Sigrid’s long-awaited debut album ‘Sucker Punch’ to be released next spring». NME (på engelsk). 
  21. Thomas Thalseth (5. mars 2019). «Jubel for Sigrid Solbakk Raabes debutalbum». VG. 
  22. «Topp 40 Album 2019-11» (på norsk bokmål). Henta 3. juni 2019. 
  23. «Official Albums Chart Top 100» (på engelsk). Official Charts. 15. mars 2019. Henta 19. mars 2019. 
  24. Gitte Johannessen (18. mars 2019). «Sigrid skriver norsk musikkhistorie». Nettavisen. NTB. 
  25. «P3 Gull: Disse er Nominert til Årets låt». 19. november 2019. Henta 24. november 2019. 
  26. «Spellemannvinnere». 1. mai 2020. Henta 1. mai 2020. 
  27. «Sigrid om flest Spellemann-nominasjoner: – Veldig kjekt». 7. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  28. Roden, Tom (14. april 2018). «Review// Sigrid – Raw EP». Fresh Beats 365 - FB365 (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Artisten Sigrid