Nobels fredspriskonsert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nobels fredspriskonsert er ein konsert som vert arrangert til ære for årets vinnar av Nobels fredspris. Den vert arrangert 11. desember, dagen etter sjølve prisutdelinga. Konserten vart i byrjinga arrangert i Oslo Spektrum, men har sidan 2015 vore halden i Telenor Arena.[1] Nobels fredspriskonsert vart fyrste gong arrangert i 1994 og har vorte halden kvart år sidan, med unntak av 1995 då det vart arrangert ein klassisk konsert.

Fleire redigerte versjonar av konserten vert laga for ulike land, med forskjellig lengd og innhald. Det er normalt eit par kjendisar som er vertar og konferansierar for konserten, etterfylgd av fleire artistnummer og ein kort tale ved prisvinnaren. Det vert også vist eitt eller to intervju med prisvinnaren, og nokon gongar ein kort film om arbeidet åt prisvinnaren. Konserten har eigne sponsorar.

Vertar[endre | endre wikiteksten]

Scarlett Johansson og Michael Caine under Nobels fredspriskonsert i Oslo 2008
Foto: Harry Wad

Kilde for vertar 1994-2015: [1]

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Diana Ross under Nobels fredspriskonsert i Oslo 2008
Foto: Harry Wad
Diana Ross (i gul kjole) og dei andre artistane rundar av Nobelkonserten 2008 i Oslo Spektrum.

Mange norske og internasjonale artister har opptrådt ved de ulike konsertene. Mange ulike sjangrar har fått plass i konsertane. A-ha, Angélique Kidjo, Mari Boine, Martin Yates, Ole Edvard Antonsen, Robyn, Sinéad O'Connor, Sissel Kyrkjebø, Sting, Westlife og Youssou N'Dour er alle døme som har delteke på meir enn to konsertar. Krinkastingsorkesteret deltek under heile konserten, og spelar vanlegvis saman med nokre av artistane.

Sjåartal[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert Nobels fredspriskonsert sendt på NRK, på TV-kanalen NRK1. Sjåartalet har variert over tid og frå år til år. I 2004 hadde konserten 966 000 seere[3] og i 2009 902 000 seere,[4] medan sjåartalet året etter fall til 696 000.[4] I 2011 hadde konserten 541 000 sjåarar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Nobel-konserten flyttes til Telenor arena». NRK. 12. oktober 2015. Henta 11. desember 2015. 
  2. «Han er årets vert på Nobelkonserten». NRK.no. 13. oktober 2016. Henta 17. desember 2016. 
  3. «Slik skal Nobels Fredspriskonsert nå de yngste seerne». Kampanje. 10. desember 2016. Henta 17. desember 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Færre så Nobel-konsert». Kampanje. 12. desember 2011. Henta 13. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]