Artisten Vulva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vulva
FødenamnTim Hutton, Thomas Melchior
Aktiv1993-
SjangerIDM, techno, glitch
Instrumentsynthesizer, datamaskin
PlateselskapRephlex, Reflective

Vulva er ein elektronisk musikk-duo frå Storbritannia, starta i 1993 av Tim Hutton og Thomas Melchior. Som Vulva har dei gitt ut musikk på Richard D. James og Grant Wilson-Claridges plateselskap Rephlex. Dei har også gitt ut musikk saman i sideprosjektet Yoni (sanskrit for vulva), på Jonah Sharps selskap Reflective.

Dei to har seinare gitt ut musikk som Soul Capsule saman med Baby Ford. Tim Hutton har i tillegg ein musikk-duo kalla Sugardaddy med Groove Armadas Tom Findlay, og han har også vore medverkar på fleire av Groove Armadas album.

Albumliste[endre | endre wikiteksten]

Som Vulva[endre | endre wikiteksten]

  • 1993 From The Cockpit
  • 1994 Mini Space Vulvette E.P. (12-tommar)
  • 1996 Birdwatch
  • 1996 Doggy Bag (12-tommar)
  • 1997 Vulvic Yonification

Som Yoni[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 My Little Yoni
  • 1994 Yoni (12-tommar)
  • 1996 Space Cadet (12-tommar)
  • 1996 Untitled (12-tommar)
  • 1997 Suck On This (12-tommar)