Elektronisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Livespeling med elektroniske instrument
«Aquarius 2.0» frå 2005 av Andreas Karlsson/Hermes er eit døme på elektronisk musikk som bruker både naturlydar og elektronisk genererte lydar.
Qlimax, eit stort elektronisk musikkarrangementet.

Elektronisk musikk er musikkformer som framhevar lydbilde prega av elektronikk, som elektroniske musikkinstrument eller elektronisk musikkteknologi. Historisk har ein nytta omgrepet om all musikk skapt ved hjelp av elektronikk, men ettersom slike hjelpemiddel er blitt meir utbreidde i framføring og opptak av musikk, er det i nyare tid oftast musikk som legg særskilt vekt på desse som blir kalla elektronisk.[1]

Både naturlege lyd og elektronisk generert lyd (til dømes sinustonar) kan vera utgangspunkt for elektronisk musikk. Desse kan registrerast analogt eller digitalt, og omarbeidast på førehand (før framføring) eller i sanntid (samstundes som lyden blir spelt av). I dag har digital signalhandsaming erstatta spesialbygde elektroniske krinsar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Estetiske forløparar til den elektroniske musikken kom allereie tidleg på 1900-talet, med t.d. Edgar Varèse og futuristane. Utviklinga skaut likevel ikkje fart før Pierre Schaeffer komponerte sin «støykonsert», concert de bruits, som vart sendt på fransk radio i 1948. Omgrepet Schaeffer brukte om denne musikken var musique concrète - ('konkret musikk'). Noko seinare kom studioet ved kringkastingsstasjonen i Köln i gang med sin elektronische Musik, skapt av komponisten Herbert Eimert og fysikaren Werner Meyer-Eppler, seinare òg komponisten Karlheinz Stockhausen. I USA brukte ein omgrepet tape music.

I Norden var komponistane Bo Nilsson og Bengt Hambræus dei fyrste, i Noreg var det Gunnar Sønstevold og Arne Nordheim. Produksjon av elektronisk musikk kravde store tekniske ressursar i byrjinga, og det vart oppretta ei rekkje studio for elektronisk musikk i fleire land, gjerne tilknytt kringkasting, universitet eller andre institusjonar.

Frå midten av 60-åra vart teknologien frå dei eldre elektrofonistudioa gradvis erstatta av synthesizer-teknikken, som etter kvart gjorde teknologien tilgjengeleg for fleire. Utviklinga innan digital lyd og datateknologi har forsterka denne prosessen veldig, slik at datastyrte synthesizerar (MIDI) og digitalisert (sampla) lyd er praktisk tilgjengeleg som komposisjonsverktøy i dag. Dette har ført til at ein ikkje har funne grunnlag for å oppretthalda den estetiske inndelinga av elektronisk musikk som ein hadde i 50-åra.

Allereie på 60-talet tok rockeband som Pink Floyd til å nytta elektroniske instrument og effektar i låtane sine, og den elektroniske musikktypen hip-hop voks fram frå 70-talet.

Sjangrar innan elektronisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Elektronisk musikk i dag[endre | endre wikiteksten]

No som folk flest kan produsera denne musikktypen ved hjelp av digital signalhandsaming på ei personleg datamaskin, har elektronisk musikk forgreina seg til eit stort mangfald. Ein kan kombinera elektronisk musikk med stemmar og instrument, eller laga elektronisk musikk utan andre analoge hjelpemiddel. Nokre døme på sjangrar som har utvikla seg frå den elektroniske musikken er techno, dance og trance. Techno er altså ein undersjanger, og tilsvarar ikkje omgrepet elektronisk musikk, slik mange trur.

Nokre norske artistar som spelar elektronisk musikk i ulike sjangrar er: Röyksopp, Galaxee, Kim Hiortøy, Il Caesar, Ralph Myerz and the Jack Herren Band, Ugress og hip-hopparen Tommy Tee.

Sjå ogso[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elektronisk musikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holmes, Thomas B. 2002. Electronic and Experimental Music: Pioneers in Technology and Composition. Second edition. London: Routledge Music/Songbooks. ISBN 0-415-93643-8 (cloth) ISBN 0-415-93644-6 (pbk)
  • Lebrecht, Norman. 1996. The Companion to 20th-Century Music. Da Capo Press. ISBN 0-306-80734-3 (pbk)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The novelty of making music with electronic instruments has long worn off. The use of electronics to compose, organize, record, mix, color, stretch, randomize, project, perform, and distribute music is now intimately woven into the fabric of modern experience» (Holmes 2002, 1); «By the 1990s, electronic music had penetrated every corner of musical life. It extended from ethereal sound-waves played by esoteric experimenters to the thumping syncopation that accompanies every pop record» (Lebrecht 1996, 106). (Oppgjevne av Svensk Wikipedia)