Arv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Arv (fleirtyding).

Arv er noko som kan overførast mellom personar, typisk frå ein eldre generasjon til ein yngre, ofte ved dødsfall. I rettsleg forstand kan ein arva eigedom, titlar, fordringar og liknande etter visse fastlagde arvelovar eller gjennom testamentering. I daglegtale kan ein snakka om å arva ting om ein tek i bruk nokon andre har hatt, til dømes klede frå eldre søsken. I biologisk forstand kan ein arva eigenskapar gjennom arvestoff frå foreldre.

Ein som arvar noko, eller er forventa å arva noko frå andre, blir kalla arving.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«arv» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Arv i Store Norske Leksikon