Arve Ulseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arve Ulseth
Fødd 28. september 1909
Død

2. mars 1979

Yrke langrennsløpar

Arve Ulseth (28. september 19092. mars 1979) var ein langrennsløpar frå Deset i Åmot. Han vart noregsmeister på 18 km i 1946 og vann same sesongen femmila i Holmenkollen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ulseth vart nummer fire på NM-tremila 1946 i Drammen. Sidan vart han norsk meister på 18 km i 1946 med sluttida 1.04.30, han slo dermed sølvvinnaren Hallvard Eggset med 58 sekundar. Seinare i sesongen tok han i Alvdal bronsemedaljen på femmila i NM på ski, slått med over fem-og-eit-halvt minutt av vinnaren, Thorleif Vangen. Ulseth revansjerte seg i Holmenkollen, der han sigra på femmila og Vangen vart nummer to.

Ulseth la opp som langrennar etter 1947-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Gullmedalje på 18 km, samt bronsemedalje på 50 km
  • 1947: Nr 7 på 18 km

Kjelder[endre | endre wikiteksten]