Thorleif Vangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorleif Vangen
Fødd 11. september 1920
Død

1. mars 1996

Yrke langrennsløpar

Thorleif Birger Vangen (11. september 19201. mars 1996) var ein norsk langrennsløpar frå Vinger i Hedmark. Åra 1946-48 vann han fire gullmedaljar i norske meisterskap på ski. Han representerte IL i BUL i Oslo. Vangen døydde i Eidskog.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vangen vann den fyrste norske meisterskapen etter andre verdskrigen då han tok gullmedaljen på 30 km i Drammen, med tida 2.00.43 hadde han vel to minuttar betre tid enn sølvmannen Erik Resell. Seinare på vinteren vann han NM-femmila i Alvdal, med god margin til Trygve Evensen og Arve Ulseth på dei neste medalje plassane. På 18 km under NM og på femmila i Holmenkollen var rollene omsnudd, Ulseth vann begge desse tevlingane, medan Vangen fekk ein NM-bronse og vart nummer to i Holmenkollen.

I 1947 forsvara Vangen NM-tittelen på tremila, etter sekundstrid med Erling Evensen; sluttid 1.49.49 mot 1.49.58. På femmila gjekk han inn til sølvmedalje, under tunge forhold kom han i mål etter 3 timar, 49 minuttar og 9 sekundar, vel seks minuttar bak noregsmeisteren Hallvard Eggset.

Vangen vart noregsmeister for fjerde og siste gong under NM på ski 1948 på Lillehammer. Han sigra på 18 km med tida 1.02.02 og slo nestemann Kristian Bjørn med 47 sekundar. På 30 km fekk han bronsemedaljen, men var godt over tre minuttar bak Leif Haugen som tok gullet. Han deltok for Noreg under Vinter-OL 1948 i St. Moritz på 50 km, men braut løpet. I Holmenkollen vart han den sesongen nummer elleve på 18 km, og var tredje beste nordmann.

I sin siste sesong, 1950, tok Vangen NM-sølv på femmila, vel fire minuttar bakom Harald Maartmann.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Gullmedalje på 30 km og 50 km og bronsemedalje på 18 km
  • 1947: Gullmedalje på 30 km i Tistedalen og sølvmedalje på 50 km på Gjøvik
  • 1948: Gullmedalje på 18 km og bronsemedalje på 30 km på Lillehammer
  • 1949: Nr 4 på 50 km på Hamar
  • 1950: Sølvmedalje på 50 km