Hopp til innhald

Ashburton i Devon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ashburton
by
West Street i Ashburton.
Foto: Mike Crowe
Land  England
Region Devon
Distrikt Teignbridge
Folketal 4 114 (2021)[1]
Postnummer TQ13
Retningsnummer 0 1364
Kart
Ashburton i Devon
50°31′01″N 3°45′04″W / 50.517°N 3.751°W / 50.517; -3.751
Wikimedia Commons: Ashburton, Devon

Ashburton er ein by i grevskapet Devon i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar og ligg i utkanten av Dartmoor. Byen ligg ved hovudevegen A38, 32 km nordaust for Plymouth og 27 km sørvest for Exeter. Han var tidlegare ein tinngruveby og er den største byen innanfor Dartmoor nasjonalpark.

Namnet på byen er avleidd frå gammalengels æsc-burna-tun, med tydinga ‘gard/busetnad ved ein bekk med asketre’.[2]

Namnet er nedskrive i Domesday Book (1086) som Essebretone. I seinmellomalderen hadde det religiøse lauget Guild of St Lawrence effektivt teke hand om administrasjonen av byen.[3] Under den engelske borgarkrigen var Ashburton tilfluktstad for flyktane rojaliststyrkar etter at dei var overvunne av general Fairfax ved Bovey Tracey.

Ved folketeljinga i 1841 hadde byen 3 841 innbyggjarar.[4]

  1. ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
  2. ↑ «Key to English Place-names». kepn.nottingham.ac.uk. Arkivert frå originalen den 1. juli 2021. Henta 19. juli 2021.
  3. ↑ Duffy, Eamon (2001). Voices of Morebath. Yale University Press. s. 122–123.
  4. ↑ The National Cyclopaedia of Useful Knowledge. Vol. V (1. utg.). London: Charles Knight. 1848. s. 377.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ashburton i Devon