Asinara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asinara
Cala d'Oliva på Asinara
Cala d'Oliva på Asinara
Geografi
Asinara map.png
Stad Middelhavet
Koordinatar 41°04′N 8°16′EKoordinatar: 41°04′N 8°16′E
Øygruppe Dei egadiske øyane
Areal 51 km²
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sardinia
Sassari
Demografi
Folketal 700
Folketettleik 14 /km²

Asinara er ei øy i Middelhavet like nordvest for Sardinia i Italia. Ho har eit areal på 51 km² og om lag 700 innbyggjarar. Øya er fjellkledd med ein bratt klippekyst. På grunn av lite ferskvatn er det lite tre på øya og lågt kratt dominerer vegetasjonen. Øya har nyleg vorte omdanna til eit dyrereservat og marint reservat. Øya har nokre uvanlege dyr, inkludert ein bestand av ville albinoesel, som har gjeve øya sitt namn.

Asinara vart kjempa om mellom Pisa, Republikken Genova og kongedømet Aragon. I 1721 kom øya inn under Savoie sitt kongedømet Sardinia. I nyare tid har øya vorte nytta som ein stad der folk har vorte sett i karantene eller vore halde fanga. Ho vart nytta som ein krigsfangeleir under den første verdskrigen, og ein stad der fleire medlemmar av keisarfamilien frå Etiopia vart sendt under den italienske okkupasjonen av landet mellom 1936 og 1941. Eit fengsel for mafiamedlemmer og terroristar var i drift her fram til 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Asinara frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: