Pisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pisa
Pisa sett frå Det skeive tårnet
Pisa sett frå Det skeive tårnet
Byvåpenet til Pisa
Byvåpenet til Pisa


Plassering
Pisa is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Pisa
Borgarmeister Paolo Fontanelli
Geografi
Flatevidd
 - By

185 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

90 482
  462/km²
Koordinatar 43°43′″N 10°24′″EKoordinatar: 43°43′″N 10°24′″E
Høgd over havet 4 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 56100
Telefon-retningsnummer 050
Nettstad: www.comune.pisa.it

Pisa er ein by i Italia ved elva Arno og Liguriahavet. Han er hovudstad i provinsen Pisa i regionen Toscana og har om lag 90 000 innbyggjarar.

Turisme er viktig i byen, særleg på grunn av det skeive tårnet som står her.

Pisa har òg eit kjend universitet, Università di Pisa, grunnlagd i 1343, som særleg har hevda seg innan det juridiske området.

Under mellomalderen var Pisa ein av de fire maritime republikkane (dei andre var Genova, Amalfi og Venezia). Dessutan var byen eit særs viktig og mektig handelssentrum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det skeive tårnet i Pisa

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Pisa er ukjend. Byen ligg der dei to elvane Arno og Auser (i dag borte) renn saman og ut i Liguriahavet der dei dannar ein lagune. Pelasgarar, grekarar, etruskarar og ligurarar har alle vore føreslått som grunnleggjarar av byen. Arkeologiske funn frå 400-talet fvt. viser at innbyggjarane gjorde handel med både grekarar og gallarar. I 1991 vart det funne restane av ein etruskisk gravplass. Romarane omtalar òg byen som gammal.

Den maritime rolla til Pisa var viktig alt i denne tida og i følgje antikke forfattar vart rostrum, den spisse stamnen på krigsskipa deira, funne opp her. Han var då den einaste hamnebyen langs kysten frå Genova, som då berre var ein liten landsby, til Ostia. Pisa var base for den romerske marinen då dei kriga mot ligurarane, gallarane og kartagarane. I 180 fvt. vart han ein romersk koloni under romersk lov. I 89 fvt. vart Portus Pisanus ein municipium. Keisar Augustus bygde festningsverk her og endra namnet til Colonia Iulia obsequens. Frå 313 vart han sete for ein biskop.

Seinantikken og tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Pisa frå Det skeive tårnet.
Bymurar i Pisa

Dei siste åra under Romarriket forfall truleg ikkje Pisa i same grad som mange andre byar i Italia, truleg på grunn av at det omfattande elvesystemet gjorde han relativt lett å forsvare. På 600-talet hjelpte Pisa pave Gregorius I med mange skip i krigen hans mot Austromarriket i Eksarkatet Ravenna. Pisa kom under austromarane og var den einaste av byane deira i Italia som gjekk over til langobardane utan kamp. Pisa utvikla seg som handels- og hamneby og vart det største handelssenteret mellom Toscana, Korsika, Sardinia og sørkysten av Frankrike og Spania.

Etter at Karl den store hadde slått langobrarande under Desiderius i 774 gjekk Pisa gjennom ei krise, men kom seg snart på fote att. Politisk vart han underlagt hertugdømet Lucca. I 930 vart Pisa senteret i eit grevskap (ein status han hadde fram til Otto I) i grenselandet Tuscia. Lucca var hovudstad, men Pisa var den viktigaste byen og på midten av 900-talet kalla Liutprand av Cremona, biskop i Cremona, Pisa for Tusciae provinciae caput («hovudstad i provinsen Tuscia»), og hundre år seinare vart markien Tuscia stort sett berre kalla «markien Pisa». I 1003 starta Pisa ein av dei første kommunale krigane i Italia, mot Lucca. På 800-talet var sarasenarar stadig på plyndringstokt i farvatnet og Pisa såg seg nøydd til å utvide flåten sin. Dei neste åra gjorde den store flåten deira at dei kunne utvide områda sine. I 828 gjekk skipa til Pisa til åtak på kysten av Nord-Afrika. I 871 var dei med på å forsvare Salerno mot sarasenarane. I 970 gav dei sterk støtte til Otto I sine krigstokt, som slo den austromerske flåten ved kysten av Calabria.

1000-talet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Republikken Pisa.

Makta til Pisa som ein sjøfartsnasjon voks og voks og nådde toppen på 1000-talet då dei vart ein av dei fire historiske marine republikkane i Italia (Repubbliche Marinare).

På denne tida var byen eit særs viktig handelssenter og kontrollerte ein stor del av handelsflåten og marinen i Middelhavet. Han utvida makta si med å plyndre Reggio Calabria i 1005. Pisa var i stadig konflikt med sarasenarane, som hadde basane sine på Sardinia og Korsika, om kontrollen over Middelhavet. I 1017 tok dei Sardinia i ein allianse med Genova ved å slå den sarasenske kongen Mugahid. Denne sigeren gav Pisa overmakta i Tyrrenhavet. Då Pisa så kasta ut genuesarane frå Sardinia hamna dei i ein ny konflikt og det starta ei rivalisering mellom dei to mektige republikkane. Mellom 1030 og 1035 slo Pisa fleire rivaliserande byar på Sicilia og erobra Kartago i Nord-Afrika. I 1051–1052 erobra admiral Jacopo Ciurini Korsika, og Genova følte seg ytterlegare krenkt. I 1063 støtta admiral Giovanni Orlando normannaren Roger I som tok Palermo frå dei sarasenske sjørøvarane. Gullet dei fekk frå sarasenarane i Palermo gjorde at Pisa kunne byggje domkyrkja si og andre monument som den kjende Piazza dei Miracoli.

I 1060 måtte Pisa ut i det første slaget deira mot Genova. Pisa sigra og stadfesta posisjonen deira i Middelhavet. Pave Gregor VII respekterte i 1077 dei nye «Lover og skikkar for havet» som Pisa la fram og keisar Henrik IV gav dei rettar til å opprette eit eige råd, styrt av eit Eldsteråd. Dette var berre ei stadfesting av makta til Pisa sidan markiane på denne tida alt var fråtatt all makt. I 1092 gav pave Urban II Pisa styret over Korsika og Sardinia, og samstundes vart Pisa erkebispesete.

Pisa plyndra den tunisiske byen Mahdia i 1088. Fire år seinare hjelpte skip frå Pisa og Genova Alfonso VI av Castilla til å drive ut El Cid frå Valencia. 120 skip frå Pisa tok òg del i Det første krosstoget og folk frå Pisa medverka i erobringa av Jerusalem i 1099. På veg til Det heilage landet nytta pisarane òg høve til å plyndre nokre austromerske øyar. Krossfararane frå Pisa var leia av erkebiskop Daibert, den framtidige patriarken av Jerusalem. Pisa og dei andre maritime republikkane i Italia nytta krosstoga til å opprette handelsstasjonar og koloniar i dei austlege kystbyane i Syria, Libanon og Palestina. Pisa grunnla koloniar i Antiokia, Akko, Jaffa, Tripoli, Tyre, Joppa, Latakia og Accone. Dei hadde òg eigedomar i Jerusalem og Caesarea, i tillegg til mindre koloniar i Kairo, Alexandria og Konstantinopel, der keisar Alexius I Comnenus gav dei faste kaiplassar og handelsrettar. I alle desse byane fekk Pisa særskilde privilegia og var friteke for skatt, men måtte medverke med forsvar i tilfelle åtak. I ein periode på nokre år var Pisa den viktigaste allierte til Austromarriket innan handel og militærvesen og overgjekk til og med Republikken Venezia.

1100-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1113 starta Pisa pave Paschal II, i lag med greven av Barcelona og andre kontingentar frå Provence og Italia (bortsett frå Genova), ein krig for å frigjere Balearane frå maurarane. Dronninga og kongen av Mallorca vart ført i lenkjer til Toscana. Sjølv om almoravidane snart gjenerobra øya førte krigsutbyttet til at Pisa kunne byggje mange flotte bygg, som domkyrkja og Pisa fekk eit fortrinn i det vestlege Middelhavet.

Dei neste åra dreiv den mektige flåten til Pisa, leia av erkebiskop Pietro Moriconi, bort sarasenarane etter harde kampar. Suksessen til Pisa i Spania førte til auka misnøye i Genova. Pisa sin handel med Languedoc og Provence (Noli, Savona, Fréjus og Montpellier) var til hinder for Genova sine interesser i andre franske byar som Hyerés, Fos, Antibes and Marseille.

Krigen byrja i 1119 då Genova gjekk til åtak på fleire galleiar på veg heim til Pisa og varte til 1133. Dei to byane kjempa mot kvarandre til lands og til sjøs, men krigføringa avgrensa seg til tokt og sjørøvarliknande åtak.

I juni 1135 tok Bernard av Clairvaux den leiande rolla i rådet i Pisa og forfekta krava til pave Innocent II mot pave Anacletus II, som vart vald til pave i 1130 med støtte frå normannarane, men som ikkje var respektert utanfor Roma. Innocent II løyste konflikten med Genova og oppretta ein buffersone mellom Pisa og Genova. Pisa kunne då uhindra delta i konflikten til Innocent II mot kong Roger II av Sicila. Amalfi, ein av dei maritime republikkane (men som alt var i tilbakegang under det normanniske styret), vart erobra 6. august 1136 og pisarane øydela alle skipa i hamna, gjekk til åtak på borgene og dei omliggande områda og dreiv tilbake ein hær sendt av Roger frå Aversa. Denne sigeren førte Pisa tilbake til makttoppen og berre Republikken Venezia kunne måle seg. To år seinare plyndra Pisa sine soldatar Salerno.

Dei neste åra var Pisa ein av dei mest trufaste støttespelarane til ghibellinarane. Dette fall i god jord hos Fredrik Barbarossa. Han gav i 1162 og 1165 ut to viktige dokument som gav følgjande rettar: Bortsett frå domsmakt over det omliggande området, fekk Pisa handelsrettar i heile Det tysk-romerske riket, kysten frå Civitavecchia til Portovenere, halve Palermo, Messina, Salerno og Napoli, heile Gaeta, Mazzarri og Trapani, og ei gate med hus for handelsmennene i kvar by i Kongedømet Sicilia. Nokre av desse rettane vart seinare stadfesta av Henrik VI, Otto IV og Fredrik II. Dette markerte toppen på makta til Pisa, men førte og til misnøye i byar som Lucca, Massa, Volterra og Firenze, som følte at måla deira om å utvide områda sine mot sjøen vart hindra. Striden med Lucca omfatta òg eigarskapet av borga Montignoso og kontrollen over Via Francigena, hovudvegen mellom Roma og Firenze. Sist men ikkje minst førte ei slik brå maktauke for Pisa til ein ny krig med Genova.

Genova dominerte etter kvart handelen på marknadene i Sør-Frankrike. Krigen byrja truleg i 1165 ved elva Rhône, då skip frå Pisa vart angripe av Genova og deira allierte, greven av Toulouse. Genova tapte åtaket. Pisa var på si side alliert med Provence. Krigen heldt fram til 1175 utan at nokon fekk overtaket. På Sicilia fekk byane privilegium av Henrik VI. I 1192 klarte Pisa å erobre Messina. Denne episoden vart etterfølgd av ei rekkje kampar som kulminerte med at Genova erobra Siracusa i 1204. Seinare mista Pisa handelspostane sine på Sicilia då den nye pave Innocent III allierte seg med guelfarane i Firenze. Snart gjekk han inn i ein avtale med Genova og makta til Pisa i Sør-Italia var svekt.

Som ei motvekt til Genova sin dominans i det sørlege Tyrrenhavet styrkte Pisa banda sine til dei spanske og franske basane (Marseille, Narbonne, Barcelona, osv.) og prøvde å utfordre Venezia si makt i Adriahavet. I 1180 inngjekk dei to byane ein ikkje-åtaksavtale i Tyrrenhavet og Adriahavet, men dette endra seg då keisar Manuel Comnenus døydde i Konstantinopel. Snart vart det åtak på venetianske konvoiar. Pisa signerte handelsmessige og politiske avtalar med Ancona, Pula, Zara, Split og Brindisi. I 1195 nådde ein flåte frå Pisa fram til Pola for å forsvare sjølvstyret deira mot Venezia, men La Serenissima klarte å gjenerobre hamnebyen.

Eit år seinare signerte dei to byane på ny ein fredsavtale som gav gode vilkår for Pisa. I 1199 braut derimot Pisa avtalen ved å blokkere hamna i Brindisi i Puglia og i det påfølgjande sjøslaget vart dei slått av venetianarane. Krigen som følgde enda i 1206 med ein avtale som tok frå Pisa alt håp om å utvide områda sine til Adriahavet. Dei fekk derimot halde handelsstasjonane dei alt hadde i området. Frå den tid stod dei to byane samla mot den aukande makta til Genova og stundom samarbeidde dei om handelen i Konstantinopel.

1200-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1209 og 1217 var det to råd i Lerici for å finne ei endeleg løysing på striden med Genova. Det vart signert ein tjue år lang fredsavtale, men i 1220 stadfesta Fredrik II makta si langs kysten av Tyrrenhavet frå Civitavecchia til Portovenere og misnøen til Genova og resten av Toscana mot Pisa auka igjen. Dei neste åra var Pisa i strid med Lucca i Garfagnana og vart slått av florentinarane ved Castel del Bosco. Den sterke ghibellinarrørsla i Pisa førte til at byen fekk paven mot seg, som var i strid med Det tysk-romerske riket. Paven prøvde mellom anna å ta byane til Pisa på Nord-Sardinia.

I 1238 danna pave Gregor IX ein allianse mellom Genova og Venezia mot Riket, og til slutt mot Pisa i tillegg. Eit år seinare bannlyste han Fredrik II og kalla inn til eit råd mot riket i Roma i 1241. 3. mai 1241 gjekk ein samla flåte med skip frå Pisa og Sicilia, leia av Enzo, sonen til keisaren, til åtak på ein genuesisk konvoi ved Isola del Giglio. Genova mista 25 skip og om lag tusen sjømenn, to kardinalar og ein biskop vart tatt til fange. Etter dette mislukkast rådet i Roma, men Pisa vart bannlyst. Bannlysinga vart først heva i 1257. Pisa prøvde å utnytte situasjonen med å erobre AleriaKorsika og la til og med ei omleiring på Genova i 1243.

Den liguriske republikken Genova klarte å kome raskt tilbake og gjenerobra Lerici, som Pisa hadde tatt nokre år tidlegare.

Den store utvidinga i Middelhavet og den mektige handelsklassen som voks fram i byen, førte til at det gamle systemet med eit byråd vart avskaffa i 1230 og erstatta av ein ny leiar kalla Capitano del Popolo («Kaptein over folket»). Trass i desse reformene sleit byen med rivaliseringa mellom dei to familiane Della Gherardesca og Visconti. I 1237 gjekk erkebiskopen og keisar Fredrik II inn mellom dei to familiane, men striden gav seg ikkje. I 1254 gjorde innbyggjarane opprør og sette inn tolv Anziani del Popolo («Folket sitt eldreråd») for å styre byen. Dei innførte òg ei lovgjevande forsamling av adelsmenn.

Nedgangen[endre | endre wikiteksten]

Nedgangen byrja 6. august 1284, då den overtalige flåten til Pisa under Albertino Morosini sin kommando vart slått av den mindre genuesiske flåten Benedetto Zaccaria og Oberto Doria sin kommando ved hjelp av slu taktikk i det dramatiske sjøslaget ved Meloria. Dette nederlaget enda den maritime makta til Pisa og byen kom seg aldri tilbake att. I 1290 øydela Genova hamna i Pisa og dekte områda med salt, som Scipio hadde gjort med Kartago under punarkrigane. Området rundt Pisa gav ikkje byen fleire sjømenn, medan Liguria garanterte nok sjømenn til Genova. Handelen heldt fram , men no i mindre grad enn før. Slutten kom då elva Arno byrja å endre løp slik at galleiane ikkje kunne nå hamna i byen langs elva. Det nærliggjande området var òg plaga av malaria. I 1324 mista Pisa heile Sardinia til Aragon.

Pisa prøvde å få tilbake makta si i løpet av 1300-talet og klarte til og med å slå Firenze i slaget ved Montecatini (1315) under Uguccione della Faggiuola sin kommando. Til slutt førte indre stridar og den svekka handelen til at Pisa vart erobra av Firenze i 1406. På 1400-talet vart det stadig vanskelegare å nå byen frå sjøen sidan hamna vart tilmudra. Då Karl VIII av Frankrike i 1494 invaderte dei italienske statane og gjorde krav på Kongedømet Napoli nytta Pisa sjansen og erklærte seg sjølv sjølvstendig med Den andre Republikken Pisa.

Den nye fridomen varte ikkje lenge. Etter femten år med slag og omleiringar vart Pisa gjenerobra i 1509 av troppar frå Firenze under Antonio da Filicaja, Averardo Salviati og Niccolò Capponi. Rolla som den viktigaste hamna i Toscana flytta så til Livorno. Pisa fekk etter kvart ei kulturell rolle med Universitetet i Pisa, som vart grunnlagd i 1343.

Pisa var fødestaden til den viktige fysikaren Galileo Galilei. Han er framleis sete for ein erkebiskop og har vorte eit senter for lettindustri og eit jernbaneknutepunkt. Han vart hardt råka under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pisa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]