Aslak Lidtveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslak Lidtveit
Fødd 25. august 1898
Død

19. september 1988 (90 år)

Aslak Lidtveit (25. august 189819. september 1988) var ein norsk landbruksbyråkrat frå Bygland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lidtveit tok eksamen ved Bygland jordbruksskule i 1915 og Vinterlandbruksskulen i Oslo i 1917. Etter eksamen frå jordbruksavdelinga ved Noregs Landbrukshøgskule i 1922, var han sekretær i Landbruksdepartementet fram til 1940, med avbrot i åra 1935-38. I tida frå 1940 til -55 var han underdirektør i Landbruksdepartementet. Frå 1955 var han landbruksdirektør i Noreg til han gjekk av for aldergrensa i 1968.

Lidtveit var formann i Bondeungdomslaget i Oslo 1927-30 og formann i Setesdalslaget 1946-48, eit lag han sjølv tok initiativet til. Åra 1948-57 var han formann i Byggje- og finansnemnda til Det Norske Teatret. Lidtveit var med i ei mengd offentleg utval og nemnder, mellom anna han var med i Statens Ernæringsråd, Beredskaprådet for matforsyning, Landsrådet for viltstelll og jakt, samt Noregs landbruksvitskaplege granskingsråd. Elles var mykje involvert i internasjonalt samarbeid, både i GATT- og OEEC-forhandlingar.

Han gav ut boka Jordbruket i Noreg 1914-1974

Kjelder[endre | endre wikiteksten]